Kamp referat:
Botnoppgjer på Krohnsminde når vi møter
Ny-Krohnborg til bortekamp. Kampen startar jamt og begge lag er
opptatt av å forsvare seg for å unngå baklengs. Viggo skapar
eit par store sjansar og vi er nære på å ta leiinga i første
omgang. Ny-Krohnborg skapar nokon farlege overgangar når vi
mistar ballen på vei framover på bana, men utan å skape veldig
farlege situasjonar.
I andre omgang skapar Ny-Krohnborg mest
sjansar og eit stolpeskot frå om lag 20 meter er det nærmaste
dei kjem scoring. Viggo skapar mindre i andre omgang, men ein
tvilsom offside avgjersle hindrar Martin i å kome aleine med
keeper.
Ingen av laga klarar å score mål og kampen
endar 0-0. Eit veldig viktig poeng for Viggo for å henge på i
botnen av tabellen, og ein god innsats av alle som er med.
|