Kampreferat:
Ankomsten på Voss var om lag 25 minutt før
kampen skulle starta, så Voss var greie og utsette kampen 10
minutt slik at vi fekk til ei kjapp oppvarming. Kampen starta
med at Voss har mest ball og spelar mykje på tvers bak og med
enkelte langpasningar. Viggo slit med å få tak i spelet, men
Voss klarer heller ikkje å skape nokon sjansar trass i at dei
har mykje ball. Viggo skapar mest på dødballar, men ingen av
laga er farlege i første halvdel av 1.omgang. Viggo kjem meir
med utover omgangen og vi skapar nokon farlege overgangar når vi
bryt på midten. Målet skal likevel vente på seg og kjem første
heilt mot slutten av omgangen. Viggo får eit frispark litt over
midten som Martin sler på hovudet til Ove som headar mot lengste
hjørne. Voss spelarane klarar ikkje å få avklart og ballen endar
til slutt i nettet slik at Viggo leiar 0-1 til pause.
2.omgang startar jamt og Viggo har god
kontroll på det som skjer på bana. Viggo har og ein stor sjanse
i starten av andre omgang, når Christian setter fart og blir
meia ned av ein av dei bakerste i Voss forsvaret. Det endar med
gult kort og frispark til Viggo som det ikkje blir noko av.
Eit kvarter ut i omgangen før Voss kast på
si venstreside og etter 3 forsøk klarer dei endeleg å få tatt
det på loveleg vis. Det endar dessverre for Viggo med at Voss
klarar å spele seg gjennom og sette inn utlikninga til 1-1.
Etter dette er det Voss som skapar mest og
det endar og med at dei spelar seg gjennom med om lag eit
kvarter igjen og setter inn 2-1. Heilt mot slutten kjem dei seg
rundt på si høgreside og innlegget blir satt i mål til
sluttstillinga 3-1.
Eit skuffande resultat for Viggo, etter ei
kamp der vi tar leiinga og har kontroll i 1 times tid, men går
litt tomme for krefter mot slutten.
|