Kampreferat:
Haustsesongen starta med kveldskamp mot Lyngbø på Laksevåg.
Lyngbø starta best, men trass i stort press klarar dei ikkje å
få uttelling på sjansane sine i første omgang. Viggo kjem
etterkvart meir med i kampen og vi har eit par sjansar til å
score i første omgang, men stillinga til pause er 0-0.
Andre omgang startar jamnar og Viggo får etterkvart sin beste
periode, då vi er flinke til å spele ballen og kome oss rundt på
kantane. Midt i denne perioden får vi brudd imot i det
oppbyggande spelet og er for dårleg til å følge heimover. Det
fører til 2 kjappe mål i midten av omgangen til Lyngbø. Mot
slutten flyttar Viggo seg høgare i bana i jakta på mål, noko som
ogir Lyngbø fleire overgangar, og heilt på slutten kjem 3-0
målet til Lyngbø som og blir sluttresultatet.
|