Kampreferat:
Viggo avspark i solskin på Kleppestø, og Viggo
startar kampen best og vi har kontroll på alt som skjer det
første kvarteret. Etter 5 min spelar Adrian fri Sjur på høgre,
men det er ingen i feltet til å sette innlegget i mål. Eit
minutt etterpå får Viggo frispark frå 25 meter, men ingen rekk
fram til å stusse ballen i mål. Vi forsvar oss bra i starten og
etter 7 minutt sender Sjur ein mann til skogs, men ikkje
frispark ifølge dommaren. Etter 8 minutt kjem Askøy sin første
sjanse, men Teodor har full kontroll på skotet.
Etter 13 minutt kjem Askøy til kampens største
sjanse, når dei setter ballen i stanga etter å ha kome igjennom
på sin venstrekant. Etter dette tar Askøy heilt over i kampen og
setter press mot Viggo.
Etter 19 minutt klarer Askøy og score etter rot bak
med Viggo. Eit par minutter seinare kjem Viggo til ein
halvsjanse med ein corner. Like etter får Askøy ein ny
kjempesjanse, når dei får heade upressa i tverrliggaren og rett
over. Rett etter kjem eit nytt innlegg, og denne gangen er det
Teodor som må gjer ei flott redning for å hindre mål.
Etter 33 min gjer Teodor nok ei flott redning, men
i neste angrep kjem eit nytt innlegg og Askøy kan sette inn 2-0.
Fram til pause er det Askøy som helde oppe trykket, men klarar
ikkje å få fleire mål.
Etter pause spelar Viggo seg etter kvart meir inn i
kampen og vi skapar etter kvart fleire sjansar. Etter ein corner
rundt 70 minutt er Steinar høgast og stangar ballen i mål til
1-2. Vi har i tillegg til dette fleire store sjansar til å
utligne og ballen trillar på eit tidspunkt langs linja, men vil
ikkje i mål. Vi tapar dermed kampen mot Askøy etter ei skuffande
forestilling av Viggo.
|