Kampreferat:
Nok ein
varm dag på Viggo stadion og Smørås var motstander i
vårsesongens siste kamp.
Smørås får
velje side og startar kampen best. Etter kun 4 minutt stangar
dei ein corner i mål ved nærmaste stolpe. Smørås er farlege på
dødballar og er nære ved å auke leiinga fleire gangar i løpet av
første omgang. Etter 27 minutt får dei og utteljing når nok ein
corner blir stanga i mål.
Viggo skapar fleire halvsjansar i omgangen, men klarer ikkje å
få ballen i mål og går til pause med 0-2.
Andre omgang startar betre for Viggo og vi tar tak i det frå
starten. Men vi klarar ikkje å spele oss til dei store sjansane.
Vi må til slutt ha straffe for å klare å få ballen i mål. Martin
er sikker etter at dommaren bles straffe og setter ballen i mål.
Etter dette pressar Viggo på for utlikninga og 2 minutt på
overtid får vi nok ei straffe. Denne brenner Martin og rett
etterpå får Smørås ei straffe som dei scorer på. Dermed blir
sluttresultatet 1-3.
Ein skuffande avslutning på vårsesongen for Viggo, men vi kjem
sterkare tilbake til hausten.
|