Kampreferat:
Hetlevik borte møtte me forrige gong
tilbake i 2015. Då drog me i land ein 2-1 siger til slutt. Me
visste at det ville verte ein kamp med tette duellar og lite
fint spel. Allereie etter 8 minutt sler Martin ein god kårner
som Ove møter på nærmaste stolpe som han nydeleg flikkar i mål
med pannebrasken. Hetlevik har ein del ball etter dette utan at
dei klarar å skapa dei store sjansane etter dette. Imidlertid
får Hetlvik og uttelling på ein kårner i det 29 minutt. Ein
Hetlevikspelar får stå åleine på bakarste stolpe og kan enkelt
syre inn 1-1 med hovudet. Hetlevik ropar og på straffe men blir
i staden belønna med gult kort for filming. Me er stadig
farlige, særleg på venstresida der Martin får mange gode ballar
å jobba med. Han triller til tider ball i hatt med høgrebacken
til Hetlevik. Me har mange kårnerer og lange innkast der vi er
centimetere frå for å få uttelling.
Det tette oppgjeret fortset i andre omgang.
Ein svak dommar lar det til tider utarte seg til stygge
taklingar og det er fortsatt ein gåte at Hetlevik fekk lov til å
fullføra med 11 mann.
Allereie etter 2 minutt av andre omgang er
vi for passive i presset då ein ball vert slått i bakrommet
vårt. Eit innlegg vert dermed ekspedert i mål frå 5-meter,
utagbart for Teodor i målet. Verst tenkelege start altså. Me
rister det fort av oss og tar over styringen på det som skjer på
bana. I det 55 minutt pressar me høgt og tvinger fram ein feil
frå midstopparen til hetlevik. Ove er kald som is då han løfter
ballen over keeper og i mål. Me fortsetter med å ha eit visst
overtak. 2-3 kjem etter flott spel på midtbana der Sondre Harila
til slutt kjem rettvendt på rundt 20 meter. Han har tidligere i
kampen hatt eit par gode skotforsøk og denne gongen sit den nede
i hjørnet for keeper. Stor jubel i Viggoleiren for leiarmålet.
Dette skjer i det 72 min. Diverre tar det berre eit par minutt
før Hetlevik får straffe etter kabalalik i feltet etter ein
kårner. Teodor blir litt ivrig etter å fange ballen og dytter
ein Hetlevikspelar som går i bakken.
Me er nære til å ta leiinga igjen ved
fleire høve og Mikal header 1 meter over mål på overtid. Litt
surt å ikkje ta alle poenga men alt i alt ein god prestasjon å
ta med seg poeng frå Hetlevik. Hetlevik vert mest tuleg eit lag
som vil kjempe om opprykk og då er det bra å ikkje gje bort 3
poeng til ein av rivalane våre.
Igjen stor vinnervilje og innsats frå dei
involverte i vårt lag. Klarer vi opprettholde dette framover
skal me verte vanskelege å slå.
|