Kamp referat:
Som alltid ein flotte dag for fotball på Viggo stadion.
Motstandar til kampen var Varegg sitt andre lag og dette var
utvilsamt den beste og hyggelegaste motstander vi har hatt så
langt i sesongen.
Viggo velje side og tar sola
på venstre side av andletet i første omgang. Varegg får då
starte med ballen og dei viser frå første spark på ballen at dei
har planar om å vinne kampen. Viggo blir pressa lave og vi har i
starten kampen meir enn nok med å forsvare oss. Varegg slit litt
med siste pasningane og kjem ikkje til dei
heilt store sjansane,
men er flinke og trille ball langt inn på vår banehalvdel.
Dei får likevel utteljing etter 2 cornerar der Viggo er altfor
passive og Varegg spelarane får pirka ballen i mål.
Viggo hevar seg litt mot
slutten av omgangen, og vi skapar nokon farlege situasjonar på
dødballar og eit gjennomspel i bakrom. Men Varegg tar ein
fortent leiing til pause. Når andre omgang startar er det
framleis flotte forhold for fotball og Viggo tar avspark og
startar denne omgangen betre enn den første. Varegg har likevel
mest ball og skapar dei fleste sjansane. Ti minutt ut i omgangen
kjem 0-3 når Ove blir lurt på venstre sida og vingen til Varegg
er kjapp og spelar ballen inn på lengst stolpe der ein Varegg
spelar kan putte ballen i mål.
Resten av omgangen senkar
Varegg tempoet og det blir meir jamspelt. Viggo skapar ein del
sjansar til å redusere, mens Varegg har og fleire moglegheiter
til å score fleire.
Kampen ebbar ut med eit
fortent 0-3 tap for Viggo.
|