Årets første
seriekamp på Viggo stadion og Bergen Nord var gjestar i
solskinnet. Bergen Nord får velje side og startar med både vind
og sol i ryggen. Dei første minutta er det ganske jamt og begge
lag holde på ballen utan å ta for store sjansar bakover.
Viggo tar så
over styringa i kampen og vinn fleire duellar over heile bana,
samtidig som vi er flinke til å trille ballen i laget. Omtrent
midtveis i omgangen sler Sindre eit flott innlegg som Hendrik
tar med seg på første touchen før han blir lagt i bakken av
backen til Bergen Nord. Dommaren peikar på straffemerket. Ørjan
spelar sin kamp nummer 100 for Viggo og er sikker frå 11-meteren
og setter inn 1-0 til Viggo.
Etter dette held
vi trykket oppe og skapar fleire farlege sjansar til å auke
leiinga, blant anna på cornerar der vi er nære fleire gangar og
får og eit mål tvilsamt annullert. Få minutt før pause får vi
likevel utteljing når Ove sler inn frå venstrekanten og Hendrik
kan sette inn 2-0 målet.
I andre omgang
startar Bergen Nord best og dei første 10 minutta styrer dei det
meste som skjer. Dei får og utteljing når dei klarer å pirke
ballen forbi Torbjørn i målet til 2-1 redusering. Viggo hevar
seg etter reduseringa og skapar fleire store sjansar i den neste
delen av kampen. 3-1 kjem etter flott spel langs høgresida som
gjer at Sondre blir spelt fri på bakerste. Sondre legg ballen
fint ned til Stian som dunkar ballen inn i nettet.
4-1 kjem etter
eit nytt flott angrep når Eirik spelar inn til Per som sikkert
setter inn Viggo sitt fjerde mål. På dette tidspunktet verkar
kampen over, men to kjappe frispark mål frå Bergen Nord rett før
det 80 minutt gjer at det blir spenning dei siste 10 minutta.
Viggo har eit par store sjansar til å punktere kampen, men får
ikkje ballen i mål. Og Bergen Nord er veldig nær ei utlikning i
det siste minuttet, når nok eit frispark stryk utsida av
stolpen.
Men det blir ikkje fleire mål og Viggo tar sesongens andre
seier.