Begge laga var
tidleg på plass og varma opp til kampen, mens dommaren kom
akkurat tidsnok til avspark. Viggo får ein forferdeleg start på
kampen, når spissen til Bergkrystall kjem seg i bakrom og får
ein liten dult og detter over 16 meter streken. Dommaren er
veldig bestemt på at det er straffe, men ombestemmer seg når vi
forteller han at all kontakt skjer utanfor 16 meteren.
Frisparket går
via muren og inn bak Morten til 0-1 til Bergkrystall. Viggo
kjempar seg tilbake og vi får raskt sjansar til å utlikne. Først
får vi frispark etter tilbakespel til keeper, som blir redda på
streken med alle mulege kroppsdeler. Per vinn igjen i ballen
inne i feltet og blir klipt ned av Bergkrystall, og dommaren
peikar på straffemerket. Ørjan er sikker og setter inn
utlikninga til 1-1.
Begge lag
kjempar bra og det blåst ein masse frispark. Viggo får eit
frispark omtrent på midten, som Ørjan ta kjapt.
Bergkrystallspelarane står eit par meter vekke og slenger ut ein
fot å stoppar frisparket. Gult til Bergkrystallspelaren tenker
dei aller fleste, men ikkje dommaren. Som lar Bergkrystall
fortsette aleine mot Morten og setter inn 1-2.
Viggo utliknar
nok ein gang, når Are stussar eit innlegg over keeper inn og inn
i det tomme nettet. Vi mista konsentrasjonen etter utlikninga og
Bergkrystallspissen får gå forbi fleire Viggo spelarar før han
får lurt ballen inn ved nærmaste stolpe til 2-3. Denne stillinga
held seg til pause.
2.omgang startar
med ein stor sjanse til Bergkrystall som Morten ryddar opp i.
Etter dette tar Viggo over initiativet, og vi byrjar å trille
ballen mykje betre. Vi skapar fleire store sjansar til å
utlikne, men får ikkje uttelling før Ørjan får ballen på
bakerste stolpe etter eit flott angrep langs høgresida. Ørjan
dunkar ballen i mål til 3-3.
Vi held oppe
trykket og Bergkrystall sin keeper må gjere fleire flotte
redningar. Men etter ein corner vinn Sondre ballen på bakerste
stolpe og sler ballen flott inn til Eirik som setter inn 4-3
målet. Mot slutten kjem Bergkrystall meir med i kampen, men vi
held unna og har fleire sjansar til å auke leiinga.
Vi tar dermed ein fortent 4-3 seier over Bergkrystall og helde
på den gode heimeformen.