Kamp referat:
Ein fin dag for
fotball på Viggo stadion, når det er vindstille og haustsola
skin før kampstart. Viggo tapar sidevalet og må starte med sola
i ansiktet i 1.omgangen, utan at det virkar å vere noko
hindring. Viggo tar initiativet i kampen og vi får spelet til å
flyte og skapar nokon halvsjansar. BI skapar lite i kampen og vi
har god kontroll defensivt.
Vi får ikkje
utteljing før det ha gått ein halvtime. Eit innkast frå Sindre
blir stussa vidare mot mål frå Eirik og via ein BI spelar til
1-0 leiing til Viggo. Kun 3 minutt seinare har vi ein ny farleg
dødball inn i feltet og Marius kjempar godt liggande i feltet
før Per dunkar ballen i nettet til 2-0 til Viggo, som og held
seg til pause.
Andre omgang
startar med eit visst press frå BI, men dei klarar ikkje å skape
dei heilt store sjansane. Viggo tek etter kvart over initiativet
igjen og rett før timen er spelt, driblar Daniel seg flott ned
langs høgrekanten før han blir lagt i bakken og dommaren blåser
straffe for Viggo. Martin er sikker frå 11 meter og aukar
leiinga til 3-0. Viggo held oppe trykket og Stian som akkurat er
tilbake frå Afrika dunkar ballen i krysset frå 30 meter til 4-0.
Etter dette er
det Eirik som styrer showet når han først setter inn 5-0. Are
spelar deretter Eirik aleine på åpent mål. Eirik, som trurar med
at det var hans siste kamp puttar ballen i mål til sitt hattrick
og 6-0 til Viggo.
Ein flott
gjennomført kamp av Viggo frå start til slutt og vi sikrar med
dette med 4.plassen i vår avdeling.
|