Kamp referat:
Septembersola skein over Viggo stadion og la ei flott ramme for
kampen mot Radøy/Manger. Vi var bestemte på å revansjere det
fortente tapet frå april og startar kampen med å ta initiativet
i kampen. Vi er flinke til å la ballen gå i laget samtidig som
vi gjer ting enkelt når vi blir pressa.
Vi skapar trykk mot
Radøy/Manger og 1-0 kjem etter eit kvarters tid når Anders
dunkar eit frispark i mål frå omtrent 20 meter. Få minutt
etterpå sler Anders eit flott innlegg som Are elegant tar med
seg forbi to forsvarar og dunkar ballen i mål til 2-0. Vi held
oppe trykket i skapar fleire store sjansar i løpet av første
omgangen og Martin har blant anna ein susar i tverrliggaren frå
30 meter. 5 minutt før pause er det igjen Are som puttar ballen
i mål etter flott forspel av Martin og Sebastian til 3-0 som og
er stillinga til pause.
I pausen er vi bestemte på
forsette det gode spelet, og få minutt ut i andre omgang slår
Ørjan eit flott frispark opp til Ove som stussar ballen forbi
keeper til 4-0. Radøy/Manger hevar seg i andre omgang og pressar
Viggo høgare, men det er likevel Viggo som skapar flest og
størst sjansar. Midtveis i omgangen kjem Are sitt tredje for
dagen etter flott forspel av Sondre og Eirik, og stillinga er
5-0.
Radøy/Manger får så ei straffe etter at ein spelar som står i
offside blir lagt i bakken, men straffa stryk stolpen på utsida
og går til 5-meter. Radøy/Manger får likevel eit mål, når eit
innlegg skrur inn heilt i vinkelen i lengste hjørne. Viggo hevar
seg kjapt og Martin setter inn 6-1 etter eit langt innkast frå
høgresida.
Viggo blir litt sløve på ein
corner imot og Radøy/Manger setter inn 6-2 ved nærmaste stolpe
etter ein kort corner.
Viggo gir seg ikkje og Eirik
setter inn 7-2 etter ein flott flikk av Kristian etter ei bra
pasning opp frå Ørjan.
7-2 blir og sluttresultatet
og Viggo tar ein veldig fortent seier mot Radøy/Manger.
|