Kamp referat:
Nærmast ein landskamp når Viggo møter våre polske venner i
Bergkrystall. Årets tynnaste Viggo tropp starta kampen godt, men
det er likevel Bergkrystall som får første målet, når eit
innlegg blir heada på tvers og inn i målet bak Morten.
Viggo
sler tilbake få minutt etterpå når Sondre spelar Daniel fri på
høgrekanten og Daniel finn Are inne i feltet med eit flott
innlegg. Are er roleg og dunkar ballen i mål til 1-1.
Utover
omgangen har Viggo klart flest sjansar og vi kunne tatt leiinga
fleire gangar. Vi får utteljing etter ein corner frå Are som
passerer fleire Viggo spelarar i feltet før Sondre dukkar opp på
bakarste stolpe og breisidar ballen i mål.
1-2 er og stillinga til pause og vi er bestemte på å holde
nullen i andre omgang og sikre sesongens tredje seier. Omgangen
blir ein forsvarskamp og vi kjempar heile omgangen med å holde
Bergkrystall på avstand. Det må likevel eit par-tre
kjemperedningar frå Morten til og eit par stolpe-ut situasjonar
til for at vi skal klare å holde nullen. Men vi klarar det og då
er det mindre viktig at vi kun skapar eit par halvsjansar
framover i omgangen. Mange slitne bein mot slutten av kampen,
men god innsats av alle 13 spelar som var med sikrar dermed
sigeren. |