Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar
 
6.div avd 02KSUT+/-P
Loddefjord 21611141634
Os 31610242632
Minde1610151931
Mathopen168262926
Viggo16817825
Tertnes 216637321
BI Bergen16808-2520
Rosendal164012-3112
Hovding162014-456
Djerv 2000000
 
DatoHeimelag-BortelagRes
22.04Viggo-Rosendal4-0
03.05Mathopen-Viggo1-1
07.05Viggo-BI Bergen3-0
14.05Viggo-Loddefjord 24-2
21.05Tertnes 2-Viggo4-2
28.05Viggo-Minde2-1
12.06Os 3-Viggo6-2
18.06Viggo-Djerv 27-1
21.06Hovding-Viggo0-2
25.08Viggo-Mathopen2-3
02.09BI Bergen-Viggo0-9
10.09Loddefjord 2-Viggo3-2
14.09Viggo-Tertnes 25-2
23.09Rosendal-Viggo5-2
05.10Minde-Viggo1-3
13.10Viggo-Os 32-6
22.10Djerv 2-ViggoAvlyst
28.10Viggo-Hovding2-5
Hovding - Viggo

Dato: 21.06.17
Avspark: 20:00
Resultat: 0-2
Pause: 0-1
Bane: Leikvang stadion
Turnering: 6.div_02
 
Nr.LagoppstillingMålGultRødt
1Karl Ludvig Daae
6Sindre Førde
10Ove Rauset1
2Sondre Eliasson
27Anders Mathiesen1
14Sebastian Gjerstad
19Steinar Stavland
7Hendrik Magnussen
25Øystein Bøyum
11Per Anders Sårheim
26Marius Nesse
Innb
11Kent-Ove Øybost
99Jan-Erik Nordvik
29Christian Lind Engelstad
16Benyamine Benali
 
Mål / Kort
0-138 minOve Rauset
0-287 minAnders MathiesenFrispark

Kampreferat:

Grasbana låg grøn og innbydande på Leikvang, men mykje regn i det siste gjorde at kampen mot Hovding gjekk på kunstgraset.

Ein del forfall før kampen, og Karl Ludvik debuterer samtidig som Kent-Ove og Jan-Erik er med frå 7-ar laget og eit sterkt Viggo lag mønstrar til kamp.

Før kampen er fokus på å ikkje undervurdere Hovding som har tapt samtlege kampar så langt i sesongen.

Vi startar med ballen og vi startar kampen med ei lang pasning mot Marius, noko som skulle bli vanleg denne kampen. Begge laga sler mykje langt og det er mykje duellar og kriging over heile bana. Begge laga skapar sjansar på dødballar og lange innkast og for publikum som kom for å sjå mykje småspel blei nok skuffa. Hovding har ein stor sjanse midtvegs i første omgang når ballen går i stanga, men Viggo får klarert ballen vekk. Viggo skapar ein del farlege overgangar, som vi kunne fått meir utav om vi hadde vore meir presise.

Rett før pause får Viggo utteljing når eit langt frispark frå Sindre blir slått inn i feltet og ballen etter fleire duellar landar på omtrent 5 meter. Ove klinkar til med venstrefoten og ballen snik seg inn nede ved stolpen til 0-1 leiing. Denne stilling held seg og til pause.

Andre omgang blir litt som første omgang med mykje duellar og lange ballar. Hovding flyttar laget litt høgare og har meir av ballen, men kjem ikkje nærmare enn eit skot som treff tverrliggaren. Viggo utnyttar etterkvart romma som oppstår høgt i bana og får til fleire fine angrep, men vi klarer ikkje å omsette angrepa i telljande resultat. Etter 87 minutt får vi frispark frå omtrent 25 meter ute mot høgresida. Anders stiller seg opp og skrur ballen over muren og inn i nærmaste hjørne til 0-2. Eit flott frispark av Anders om dermed scorar sitt fjerde mål for sesongen. Siste minutta dreier seg for Viggo mest om å stange vekk lange ballar opp og få ballen lengst muleg vekk frå målet. Dette klarar vi fint og vi sikrar oss dermed ein 0-2 seier over Hovding.

Strålande innsats av alle som er med på kampen. Vi kjempar i samfulle 90 minutt og blir det første laget som holder nullen mot Hovding. Ein skikkeleg krigeseier avsluttar vårsesongen og vi ligg i flott posisjon for ein spennande haustsesong.
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com