Kvartfinale i Obos sin Vinterserie og
motstandar for Viggo var Inter Bergen. Kalde, men fine forhold
på Viggo stadion. Viggo startar med ballen og dei første 10-15
minutta heng Inter Bergen greitt med, men etter kvart tek Viggo
over initiativet i kampen. Vi skapar fleire sjansar til å ta
leiinga, før Sondre H. etter halvtimen tar med seg ballen frå
midten og fører mot sekstenmeteren til Inter Bergen før han
klinkar ballen i mål til 1-0.
5 minutt seinare får Viggo corner og Martin
skrur ballen rett i mål. Ein Inter Bergen spelar er bort i
ballen idet den passerar streken, men ballen ville gått inn
uansett og Martin får målet.
Få minutt før pause, spelar Sondre H. Ove
fint igjennom, og han setter ballen i mål til 3-0 som er
stillinga til pause.
Etter pause forsette Viggo på same måte og
det tar berre få minutt før Sondre H. og Tom kombinerer fint som
endar med at Sondre setter ballen i mål.
Kampens siste mål kjem etter at Martin kjem
fint ned på sida og drar seg inn mot midten. Han slår eit
innlegg som blir satt i tverrligger, men Martin er på plass og
setter inn sitt andre og Viggo sitt femte mål.
Viggo har fleire sjansar til å score
fleire, samtidig som vi har veldig god kontroll bakover på bana.