Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar
Smørås 2 3-2 Sk Viggo
Pause: 1-1
Dato: 21.februar 2012
Bane Slåtthaug
Dommer Arve Andersen
TBWL Pulje 2KSUT+/-P
SK Galgen430139
SK Viggo4202106
Skjergard420246
Smørås 24202-76
Nordnes IL4103-103
 
DatoHeimelagBortelagRes
26.01Sk Viggo-Skjergard4-5
04.02Sk Galgen-Sk Viggo2-4
18.02Sk Viggo-Nordnes IL10-0
21.02Smørås 2 -Sk Viggo3-2
Lagoppstilling
  Morten  
Sjur Ove (K) Kurt Anders E
Marius Narmo Marius Nesse Olav
Eirik Roger Anders M
 
Innbyttere:
Ørjan
Martin B.
Stian
Kent-Ove
Ole Roger
1-0 20 min    
1-1 25 min Marius Nesse  
1-2  46 min Ørjan  
2-2 60 min    
3-2  75 min    

Kamp referat:
Siste kampen i TBWL var ein vanskeleg bortekamp mot Smørås på ei bane som hadde tildels mykje snø på eine sida. Vi bestemte oss før kampen for å gå ut å presse Smørås, men eit godt Smørås lag tok initiativet i kampen nesten rett frå avspark. Dei var veldig aggresive og pressa Viggo til å gjere feil og vi fekk ikkje spelet til å flyte. Likevel skapar dei ikkje mykje sjansar og vi forsvarar oss bra. Etter omlag 20 minutt kjem dei seg likevel rundt på sin høgrekant og eit innlegg på bakerste stolpe blir styrt i målet bak Morten.
Viggo slår raskt tilbake og eit frispark på midten fører til eit langt innlegg frå Anders E. som gir ein retur utanfor 16-meteren. Marius Nesse tar ned ballen og dunkar den i lengste hjørne til 1-1. Resten av omgangen er jamspelt og begge lag har sjansar til å ta leiinga, men ingen lukkast med å få ballen i mål.
Andre omgang startar veldig bra for Viggo. Vi bryter høgt i bana og Ørjan blir spelt i fin posisjon. Han rundar keeper og setter inn 2-1 leiing for Viggo. Etter målet har vi overtaket i starten av omgangen, men Smørås kjempar seg inn i kampen igjen og Viggo blir etterkvart pressa langt bak på bana. 2-2 målet kjem etter Smørås frå snu opp på midten og sender avgarde eit skot som skiftar retning på vei mot mål og gjer at Morten er sjanselaus. Smørås held initiativet i kampen, men Viggo forsvarar seg bra. Eit kvarter før slutt kjem likevel Smørås seg gjennom, med eit gjennomspel til ein offside plassert spelar. Dommaren bles ikkje og dermed står det 3-2 til Smørås.
Viggo tar seg skikkeleg saman dei siste 10 minutta og vi pressar Smørås veldig langt bak på bana. Vi skapar fleire store sjansar, men vi lukkast ikkje med å få ballen i nettet. Kampen endar dermed med 3-2 seier for Smørås.

 

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com