Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar
Sk Viggo 10-0 Nordnes IL
Pause: 5-0
Dato: 18.februar 2012
Bane Viggo Stadion
Dommer Eirik Thorsen
TBWL Pulje 2KSUT+/-P
SK Galgen430139
SK Viggo4202106
Skjergard420246
Smørås 24202-76
Nordnes IL4103-103
 
DatoHeimelagBortelagRes
26.01Sk Viggo-Skjergard4-5
04.02Sk Galgen-Sk Viggo2-4
18.02Sk Viggo-Nordnes IL10-0
21.02Smørås 2 -Sk Viggo3-2
Lagoppstilling
  Morten  
Eirik Ove Martin P Anders E
  Marius Ne.  
Daniel Marius Na. Stian Anders M
  Ørjan (K)  
 
Innbyttere:
Sjur
Olav
Roger
Ole Roger
 
1-0 0 min Marius Nesse  
2-0 10 min Marius Narmo  
3-0 15 min Ørjan  
4-0  25 min Stian  
5-0 40 min Sjur  
6-0 60 min  Sjur  
7-0 75 min Roger  
8-0 85 min Martin P  
9-0 87 min Ørjan  
10-0 89 min Eirik  

Kamp referat:
Laurdagskamp mot Nordnes frå 5.divisjon og vi startar med handikap straffe som Marius Nesse setter sikkert i mål til 1-0 ledelse. Etter dette startar ein merkelig kamp på Nymark. Nordnes har veldig mykje ballkontakt og trillar mykje på tvers utan å skape noke særleg, mens Viggo ligger kompakte og forsvarar oss veldig bra. Vi er veldig flinke til å utnytte overgangane når vi klarar å bryte og får stor uttelling av dette. I løpet av første omgangen scorar både Marius Narmo, Ørjan, Stian og Sjur kvart sitt mål, slik at vi leiar 5-0 til pause. Ein godt gjennomført 1.omgang av Viggo der vi er bunnsolide bakover og effektive framover.
Nordnes hevar seg i starten av 2.omgang og dei pressar mykje høgare på bana. Dette fører til at dei skapar meir mot Viggo og vi blir til tider pressa veldig lavt i bana. Vi kjempar godt vidare og har god uttelling og i 2.omgangen. Sjur har enda eit stjernetreffe frå 40 meter og Roger putta også i denne kampen.
5 minutter før slutt bryter Martin midt på eigen banehalvdel, og han setter full fart framover. Han rundar heile midtbana og forsvaret til Nordnes før keeperen til Nordnes er nødt til å klippe han ned for å hindre scoring. Straffa setter Martin i mål sjølv og stillinga er 8-0. Etter dette får Ørjan og Eirik kvar si kjappe scoring slik at sluttstilling blir 10-0.
Ein godt gjennomført kamp av Viggo, men resultatet lyg nok litt. Nordnes har klart mest ball og har ein veldig god periode i starten av 2.omgangen utan å få uttelling.

, men  

 

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com