Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar
Sk Viggo - Kvernbit   2-2   (1-2)
TBWLK+/-P
Lysekloster 24610
Sk Viggo324
Sk Trane3-14
Sk Galgen4-24
Kvernbit4-52
Laurdag 29.januar  14:00
Viggo Stadion (Nymark Kunstgras)

Lagoppstilling:
David
Stian - Martin P - Thomas - Sjur
Marcin - Olav - Kurt - Daniel
Roger - Kristian
Innbytter:
Robert

Mål:
1-0 - 0 min - Kurt (Handikap straffe)
1-1 - 35 min - Thomas (sjølvmål)
1-2 - 40 min - Thomas (sjølvmål)
2-2 - 60 min - Thomas

Kampereferat:
Viggo startar kampen med handikap på grunn av divisjons forskjellen. Kurt viser seg ansvaret verdig og vi leiar 1-0 før kampen kjem skikkeleg igang. Kampen startar jamt, men Viggo tek etterkvart initiativet utover kampen. Vi kjempar godt i duellane og krigar på alle ballane. Vi kjem til fleire halvsjansar men klarar ikkje å omsette dei i mål. Mot slutten av omgangen kjem kjem eit par uheldige situasjonar for Viggo. Først spelar Thomas ein støttepasning forbi David inn i det tomme målet til 1-1. Få minutt seinare får Kvernbit corner og Thomas vinner duellen på første stolpe, men er uheldig med at ballen suser over David og inn i målet til 1-2, som og blir pauseresultatet.
Andre omgang startar med klart overtak og det tar få minutt før vi kjem til store sjanse. Vi skapar fleire store sjansar utover omgangen og både Kristian, Roger og Kurt er nære å score i løpet av omgangen.
Etter omlag ein time scorar Thomas sitt tredje for dagen, denne gangen rette veien. Målet kjem etter ein langt innkast. Dagen prestasjon kjem omtrent eit kvarter før slutt. Sjur vinn ballen på eigen fem-meter og sett fart framover. Han rundar fleire Kvernbit spelarar og kjem seg heilt aleine med keeper. Keeper er heldig og får ein fot på avslutninga som går til corner. Hadde den ballen gått imål ville vi allereide no fått årets mål!
Kampen endar 2-2 med 1 poeng til kvart av laga. Vi spelar ein god kamp og er klart nærmast seier i kampen, men litt effektivitet framover og uflaks bakover gjer at det berre blir uavgjort.

DatoHeime-BorteRes
29.01.11Sk Viggo-Kvernbit2-2
24.02.11Lysekloster 2-Sk Viggo3-2
26.02.11Sk Viggo-Galgen4-1
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com