Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Sk Viggo - Krabbetor 3-5 (1-1)

>

Lagoppstilling:
David;

Cato; Martin P; Andreas; Anders;

Kristian; Kurt; Kent-Ove; Eirik;

Ørjan; Martin B;

Innbyttere:  
Olav;
Thomas;

Mål:
1-0 - 3 min - Ørjan;
1-1 - 18 min
1-2 - 53 min
1-3 - 63 min
2-3 - 64 min - Ørjan
2-4 - 72 min
3-4 - 74 min - Martin B
3-5 - 89 min 


Toppoppgjer i 6.divisjon der dommaren glimra med sitt fravær. Observatøren var der derimot, men gadd ikkje overvære kampen ettersom dommaren ikkje møtte. Vi fekk likevel tak i ein dommar som sporty stilte opp på kort varsel.
Kampen starta veldig bra for Viggo og etter tre minutter tar Martin B med seg ballen frå midten og opp mot Krabbetor sitt mål. Ballen havnar hos Ørjan som dunkar ballen i lengste hjørnet for keeperen til 1-0.
Etter 7 minutter kjem Krabbetor inn i feltet og spissen blir meia ned av Martin P, men dommaren vinkar spelet vidare. Vi var nok veldig heldige som ikkje fekk straffe imot i den situasjonen.
Etter 15 minutter er Krabbetor farlige på ein dødball situasjon men Viggo er heldige å får vekk ballen. Etter 18 minutter kjem Krabbetor rundt på sin ventrekant og får lagt inn til ein spelar som kjem på løp bakifrå og dunkar ballen i mål til 1-1. Resten av omgangen er jamspelt, Krabbetor her eit farlig frispark etter 35 minutter og Eirik kunne kanskje fått ei straffe etter 37 minutter.
2.omgang startar som første med overtak til Viggo og Anders har eit kjempeskot etter 1 minutt. 3 minutter ut i omgangen har Krabbetor ein kjempesjanse men David har ei fantomredning. Etter 50 minutter driblar Ørjan seg flott fram til dødlinja og sler inn på bakerste stolpe der Martin B klarer å sette ballen utanfor stolpen. Eit minutt etterpå er Ørjan veldig nær med ein kjip som går rett over målet. Etter 53 minutt har først David ein kjemperedning, men i det neste trekket klarar Krabbetor å putte ballen i mål til 2-1. David har fleire strålande redningar utover omgangen, men når Krabbetor får frispark etter 63 minutter klarar ikkje David å stoppe dei heller og dei tar ledelsen 3-1. Viggo sler kjapt tilbake og innlegget frå Kristian på høgre kanten dunkar Ørjan i mål til 2-3. Viggo pressar vidare for å få ei utligning, men etter 72 minutter kjem Krabbetor igjennom på nytt og aukar ledelsen til 4-2. To minutter etter kjem Kristian igjen fram på høgrekanten og innlegget dunkar Martin B inn til 4-3. Etter dette pressar Viggo på for utligninga men vi klarar ikkje å få ballen i mål. Mot slutten får Krabbetor enda eit mål og fastsett resultatet til 3-5.
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com