Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Mann - Sk Viggo  3-1 (2-0)

>

Lagoppstilling:
Trond;

Cato; Thomas; Ove; Anders;

Kristian; Kurt; Martin P; Eirik;

Martin B; Ørjan;

Innbyttere:  
Olav;
Tim;
Andreas;

Mål:
1-0 - 20 min
2-0 - 35 min
2-1 - 65 min - Cato
3-1 - 85 min

 

Før kampen på Møhlenpris fokuserte vi på å vere vakne når kampen starta og unngå tidleg mål imot. Og i starten er vi farlig og berre dommaren veit kvifor Ørjan ikkje får straffe etter 1 minutt når keeperen til Mann riv han ned inne i sekstenmeteren. Viggo køyrer fullstendig over Mann og vi skapar sjanse på sjanse og i løpet av første omgang har vi minst 4-5 hundreprosent sjansar og i tillegg ein haug med halvsjansar. Men vi klarar ikkje å få ballen i mål. Mann skapar fint lite og første sjansen kjem etter omlag 20 minutter og den omsetter dei til gjengjeld i mål. Det er og det som skjer på 2. sjansen dei har og stillinga til pause er dermed 2-0 til Mann. Er høgt oppe på lista over ufortente pauseresultat.
2.omgang start omlag slik som første, Viggo spelar seg til fleire store sjansar, men vi maktar ikkje å omsette nokon av dei i mål. Målet vårt kjem likevel etter 20 minutter av 2.omgang, men det kjem av ei avklaring av Cato frå høgrebacken som susar frå eigen banehalvdel inn i nettet til 2-1. Viggo held opp trykket i ein god periode etter målet og vi har fleire enormt store sjansar men vi klarar ikkje å få ballen i mål. Mot slutten går vi litt tomme og Mann for nokon farlige overgangar og ein av desse endar med 3-1 målet.
Vi tapar dermed 3-1 i ein kamp der vi er det klart beste laget, men når vi ikkje klarar å score mål på nokon av sjansane vi har idag blir det veldig vanskelig å vinne kampar.
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com