Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Sk Viggo - Askøy 2    12-0 (4-0)

>

Innbyttere:  
Roger
Olav
Bobbie

Mål:
1-0 - 11 min - Stian
2-0 - 38 min - Helge
3-0 - 41 min - Martin B
4-0 - 43 min - Stian
5-0 - 52 min - Bobbie
6-0 - 60 min - Stian (straffe)
7-0 - 68 min - Olav
8-0 - 70 min - Sjølvmål
9-0 - 72 min - Bobbie
10-0 - 81 min - Frode
11-0 - 82 min - Frode
12-0 - 88 min - Roger
 

Ingen dommar som møter til dagens kamp heller, dermed 2.heimekampen på rad der dommaren ikkje stiller og Helge må dømme også denne kampen.
Dommaren er ikkje den einaste som ikkje stiller, det er og lite med Askøy spelarar og dei må spele heile kampen med kun 9 mann.
Kampen blir prega av at Viggo spelar 11 mot 9, men i 1.omgang held Askøy ut lenge. 1-0 kjem etter at Kurt spelar fri Martin på høgrekanten og han rundar backen og spelar til Stian som setter inn dagens første mål. Viggo styrer alt og etter 13 minutter reddar Askøy på streken etter skudd frå Frode. Kurt setter ballen rett utanfor krysset eit par minutter seinare og få minutter etter skyt Martin i stanga.
Viggo forsetter å presse men får ikkje uttelling før det er spelt 38 minutter og Helge dunkar ballen i mål frå omkring 20 meter. Etter 41 minutter er Martin frampå og setter inn 3-0 før Stian etter 43 minutter fastsett pausestillinga til 4-0 til Viggo.
2.omgang startar slik første sluttar med massivt trykk til Viggo. Bobbie setter inn
5-0 etter 52 minutter og Stian setter inn sitt tredje for dagen på straffe etter 60 minutter. Like etterpå har Stian sjansen til å bli 4-målsscorar men missar aleine med keeper. Ikkje lenge etter har Roger ein stor sjanse aleine med keeper men heller ikkje han får ballen i mål. Etter 68 minutter er det klart for 7-0 av Olav etter flott forspel av Bobbie. To minutt seinare sler Bobbie eit nytt bra innlegg og ballen blir satt i mål til 8-0 av stopparen til Askøy. Etter 72 minutter er det Bobbie sjølv som står for scoringa med ei flott heading etter pasning frå Kurt. Etter 80 minutt kjem ein situasjon som kunne gjort Bobbie til 3 målscorar, ballen smell i tverrliggaren og ned på streken men den gode dommaren seier at den ikkje var inne. Tim meinte derimot at ballen var over streken og burde vore godkjent. Sidan kampen ikkje gjekk på tv får vi nok aldri vite kva som var korrekt.
10-0 og 11-0 var ikkje langt vekke og Frode setter inn to fine mål etter 82 og 83 minutter. Roger får æra av å avslutte scoringane med si 12-0 scoring to minutt før slutt.
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com