Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Eidsvåg - Sk Viggo   2-2   (0-0)

>

Innbyttere:  
Olav
Dan
Jørgen
Martin P

Mål:
0-1 - 60 min - Ove
1-1 - 70 min
1-2 - 80 min - Martin
2-2 - 93 min


Bortekamp mot Eidsvåg samtidig med at Brann spelte mot Lyn på stadion. Omtrent same oppstilling som i storseieren mot Askøy og vi gjekk på bana med innstilling om at vi skulle krige til oss seier.
Kampen startar bra for Viggo og vi har bra kontroll på spelet utan at vi kjem til dei store sjansane. Vi styrer midt bra, men Eidsvåg har eit solid forsvar som er vanskelig å bryte igjennom. Eidsvåg har og ein kjempesjanse med David er god i mål og får slått ballen til corner.
Vi forsetter i andre omgang med å ha kontroll på kampen. Midtbana styre spelet bra og kjem seg til fleire farlige sjansar.
Omlag eit kvarter ut i omgangen går Dan på eit fint løp og blir takla ned rett innanfor sekstenmeteren og dommaren bles for straffe. Ove setter straffa sikkert forbi keeper til 1-0 for Viggo. Etter scoringa flyttar Eidsvåg seg høgare i bana og prøvar å presse Viggo. Dette skapar fleire farlige overgangar til Viggo men vi klarar ikkje å utnytte nokon av desse. Eidsvåg bryter oss etter 70 minutter på midten og forsvaret står for høg og klarer ikkje fange opp spelarane som går på løp i bakrommet og Eidsvåg kan sette inn utligninga 1-1. Etter scoringa hevar Viggo seg i bana igjen og vi tar over initiativet i kampen. Omlag 10 minutter før slutt spelar Olav fint igjennom Martin som lobbar over keeper og setter inn 2-1 til Viggo. Etter målet har vi fleire store sjansar til å avgjere kampen og både uflaks og litt udyktighet gjer at vi ikkje scorar fleire mål i denne delen av kampen.
Heilt på slutten kjem Eidsvåg inn i sekstenmeteren og ballen blir avklara av Viggo, før dommaren plutselig finner på at han skal blåse straffe. Ingen av dei andre på bana skjønnar kva han bles for og han kan heller ikkje forklare kva han bles for så de kan vel kallast ei billig straffe. Eidsvåg scorar sikkert og kampen endar 2-2.
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com