Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Kalandseid - Sk Viggo 

>

Innbyttere:  
Roger
Eivind
Jørn

Mål:
0-1 - 17 min - Vidar
1-1 - 50 min
2-1 - 55 min
3-1 - 65 min
4-1 - 80 min

Viggo tok avspark denne fredagskvelden og starta kampen på ein strålande måte. Før det er gått 5 minutter har Thomas hatt ein sjanse etter ein corner. Viggo pressar Kalandseid høgt og har full kontroll på kampen. Etter 17 minutter har Kalandseid ein stygg ettersleng på Martin og dommaren dømmer frispark og delar ut gult kort til Kaland spelaren. Frisparket tar Vidar seg av og setter ballen i lengste hjørnet til 1-0 til Viggo.
5 minutter etter dette kjem Martin fint rundt på kanten og gir ballen til Vidar som har ein diger sjanse til å bli to-målscorar, men klarar ikkje få ballen inn i målet. Utover omgangen får Viggo mange store sjansar og den største kjem 5 minutter før pause når både Martin, Eivind og Lionel har ein sjansen til auke leiinga. Men stillinga held seg til pause slik at vi leiar kampen ved halvtid.
Medan Viggo i 1.omgang hadde klart overtak var 2.omgang heilt motsatt. Kalandseid får styre mykje meir av kampen og personlege feil gjer at Viggo slepper inn nokon kjappe mål i starten av 2.omgang. Dei gir aldri i frå seg initiativet i kampen igjen og til slutt står det 4-1 til Kalandseid. Viggo tapar dermed etter å ha vore det klart beste laget i 1.omgang. Neste kamp må vi satse på å levere to gode omgangar og skaffe oss ein ny seier.
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com