Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Njardar/Tysnes - Sk Viggo  2-2 (1-1)

>

 

Innbyttere:  
Martin B
Eivind
Jørgen
Lionel
Olav
Helge

Mål:
0-1 - 20 min - Bjarte
1-1 - 35 min
1-2 - 60 min - Martin B
2-2 - 70 min

 

Årets graskamp var borte mot Njardar/Tysnes. Oppladninga til kampen var dugnad for dei fleste av spelarane, men dugnaden vart avslutta i god tid slik at alle spelarane rakk ferja. Verre var det med støtteapparatet som blei for seine på ferja og dei rakk dermed ikkje kampen.
Kampen starta på det uvanlige tidspunktet 17:40, og det såg ut til å passe Viggo veldig bra då vi starta kampen med eit klart overtak. Allereide etter 3 minutter spelar vi oss fint framover og Vidar prøvar med eit skot/pasning som havnar hos Roger som får sjansen til å sette sitt første, men trass i eit godt forsøk går ballen like utanfor stolpen. På ein cornar like etter får Thomas den største sjansen sin for sesongen når han møter ballen på første stolpe men ballen går litt for høgt og susar over tverrliggaren. Viggo forsetter å styre kampen og etter 20 minutter startar vi eit flott angrep på høgrekanten, Frode kjem seg heilt til linja og legger inn til Bjarte som med hælen styrer ballen i mål. Dermed ledar vi 1-0.
Etter målet blir vi pressa litt lavare i bana og Njardar kjem seg litt høgare. Njardar sler mest i bakrommet og på ein av desse kjem dei seg gjennom aleine med Trond og klarar og sette ballen i mål til 1-1. Njardar skal og vere veldig glada for at dei kan fullføre omgangen med 11 mann, etter at ein spelar sler Stian med albogen men kun får gult kort av ein inkonsekvent dommar.
Andre omgang startar og med overtak til Viggo, og dei nye som får prøve seg viser positive takter. Viggo står høgt i bana og bryter Njardar tidleg i oppspelsfasen. På ein av desse headar Ove til Bobbo som stussar vidare til Martin B. som stormar frå forsvaret til Njardar og setter inn ballen til 2-1 til Viggo. Viggo forsetter å presse og skape sjansar, og har mange muligheiter til å auke leiinga.
Njardar skapar nokon farlige dødballer og på ein corner bommar Trond på ein boksing og Njardar kan putte ballen i mål til 2-2.
Mot slutten av kampen blir det ein del store sjansar til begge lag, men ingen klarer å score og når dommaren finn ut at ferja snart skal gå bles han av kampen.

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com