Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Sk Viggo - Øygard 2   2-1 (1-0)

>

Innbyttere:  
Mads
Kurt
Olav
Shatty
Simen

Mål:
1-0 - 25 min - Bjarte
1-1 - 60 min
2-1 - 75 min - Ove

Haustens første heimekamp gjekk mot Øygard 2, eit lag som vi slo 2-0 på bortebane i mai.
Kampen startar bra for Viggo og vi styrer kampen heilt i frå starten. Vi skapar mange sjansar og har mange fine kombinasjonar. Vi får ikkje uttelling før omlag midtveis i omgangen. Ein ball blir slegen inn framfor mål, og etter litt klabb og babb får Bjarte satt inn ballen til 1-0 ledelsen til Viggo. Vi styrer og resten av omgangen og skapar fleire store sjansar, blant anna eit stolpeskot rett før pause. Men vi klarar ikkje å score fleire i 1.omgang og stillinga er dermed 1-0 til pause, men vi kunne sikkert hatt 5 med litt betre uttelling.
Andre omgang blir litt jamnare, men er og no Viggo som startar best. Men vi sliter med å få uttelling på sjansane vi skapar. Øygard skapar lite, men ein misforståelse mellom Ove og David gjer at den raske spissen til Øygard kjem igjennom og kan utligne til 1-1. Etter målet slite Viggo med å få tak i kampen igjen, og det er Øygard som styrer kampen dei neste 10 minutta. Etterkvart får vi betre tak på det igjen og vi kjem oss høgare i bana. På ein dødball kjem får vi fleire avslutningar og ein Øygard spelar leikar keeper utan å vere det slik at Viggo får straffe. Ove tar straffa og setter den sikkert i mål til 2-1 ledelse til Viggo. Etter målet har Viggo bra kontroll i nokon minutt, men mykje bytting mot slutten gjer at vi mistar initiativet igjen og må forsvare ledelsen med nebb og klør siste minutta. Men vi holder målet tett bakover og kan ta i land sesongens 3.seier.

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com