Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Bønes - Sk Viggo  1-1 (1-1)

>

Innbyttere:  
Mads
Erlend

Mål:
1-0 - 20 min - Vidar
1-1 - 35 min

Første haustkamp gjekk mot Bønes som tidlegare ikkje hadde avgitt poeng på heimebane. Vi gjekk ut i ein 4-4-2 formasjon med ein del folk i uavante posisjonar på grunn av mange skadar og fråvær. Vi starta likevel kampen veldig bra og vi har mange fine kombinasjonar der vi spelar oss fint rundt på kantane. Etter omlag 20 minutt kombinerar Shatty og Vidar fint og Shatty spelar igjennom Vidar som dunkar ballen i mål til 1-0 til Viggo.
Vi forsetter å styre mykje av kampen i 1.omgang, men Bønes har nokon farlige overgangar når dei sler langt i bakrommet, og får ein del cornera på desse. På ein av desse får reddar Jørn glimrande på streken. Like etter får dei ein ny corner og nok ei svak markering av Viggo gjer at Bønes får utligne til 1-1. Viggo har og fleire sjansar til å score i 1.omgang, men stillinga held seg til pause.
Bønes legge om formasjonen sin i pause og blir meir offensive i 2.omgang. Dei flytter opp begge vingane sine og skapar med dette meir problem for Viggo. Bønes styrer dermed meir av kampen i 2.omgang, men for det meste har Viggo god kontroll bakover. Vi skapar mindre framover i 2.omgang, men har nokon sjansar mot slutten der både Stian og Vidar fyrer like utanfor stolpen.
Heilt på slutten går Stian i ein duell inne i vår eigen sekstenmeter og klinkar saman med ein Bønes spelar. Begge blir liggande nede ei god stund og Stian må til slutt hjelpast av bana og må på legevakta etter kampen. Ingen av laga maktar og score i 2.omgang og Viggo spelar dermed nok ein uavgjort kamp.

Ein grei start på haustsesongen for Viggo. Er bra innsats av alle som er med og vi spelar oss til ein del fine sjansar. Litt meir trening og samkøyring vil nok gjere at vi berre betre utover hausten.

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com