Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Nordre Fjell - Sk Viggo 1-0 (1-0)

>

Innbyttere:  
Jørn
Stian R.

Mål:
1-0 - 25 min
 

Vårsesongens siste kamp gjekk borte mot topplaget Nordre Fjell på kunstgrasbana på Ågotnes. Vi starta igjen i 4-2-3-1 formasjon og gjekk ut ganske høgt i bana. Nordre Fjell viser kjapt fram kvifor dei berre ein kamp sålangt i sesongen og har ein del fine kombinasjoar som skaper problem for Viggo. Vi klarer likevel å halde unngå dei store sjansane imot heilt fram til halvspelt omgang, når Trond er uheldig å kjem bort i spissen til Nordre Fjell etter at ballen har trilla ut av bana. Dommaren peikar på straffemerket og sjølv om Trond er nære på å ta den klarar han ikkje å hindre 1-0 målet til Nordre Fjell. Etter målet pressar Nordre Fjell vidare på og har nokon store sjansar til å auke ledelsen før pause. Viggo har lite å by på framover og vi sliter med å få flytta opp spelet vårt. Vi blir i tillegg brotne nokon gangar på vei framover og det skapar farlege kontringar.
I pausen bestemmer vi oss for å bli meir kompakte mellom midtbane og forsvar og samtidig legge press på kapteinen til Nordre Fjell slik at han ikkje skulle få slå dei lange ballane i bakrommet. Dette fungerar bra og i 2.omgang har Nordre Fjell kun nokon få halvsjansar. Viggo kjem derimot meir med i kampen og vi får flytta spelet høgare opp i bana og vi kjem på ein del hurtige overgangar som med litt meir presisjon i siste trekk kunne blitt mål av. Største sjansen har Stian når han blir spelt gjennom åleine med keeper, men han er uheldig og treffe midt på keeper med avslutninga.
Kampen endar dermed med 1-0 til Nordre Fjell, men Viggo har grunn til å vere stolte over innsatsen i denne kampen. Vi møter eit godt lag og vi gir dei kamp heilt siste minutt.

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com