Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Sk Viggo - Eidsvåg 2     2-2 (0-0)

>

Innbyttere:  
Simen
Trond

Mål:
1-0 - Vidar 60 min
1-1 - 70 min
2-1 - Frode 75 min
2-2 - 80 min

 

Endelig ny kamp for Viggo etter at forrige kamp blei utsatt på grunn av mange skadar. Vi startar ut med evigunge Jørn på høgrebacken i tillegg til Eivind fra start for første gang for sesongen. Ellers var dei fleste på laget vandt med sine posisjonar.
Kampen startar bra for Viggo og i heile første omgang har vi god tak på Eidsvåg bakover. Vi kjempar bra framover og på midten og har ein del sjansar til å score mål. Nærmast er Vidar på eit kanonskot frå 20 meter etter at Bobbo blir stygt felt rett utanfor seksten meteren. Vi blir og snytt for ei klar straffe når Jon blir overfalt på femmeter med åpe mål foran seg. Simen kjem inn for Bobbo i delar av første omgang men får seg ein ny smell i foten og må ut. I pausen byttar vi derfor keeper for å kunne nytte David på banen i andre omgang.
Etterkvart i 2.omgang må Helge ut David må inn på venstrebacken, ein jobb han løyser svært bra. Etter 60 minutter får vi nok eit frispark på 20 meter etter nok ei takling bakfrå, men heller ikkje her gule kort. Vidar dunkar til igjen og ballen susar inn i nettet til 1-0 til Viggo. I 2.omgang er Eidsvåg litt meir med og 10 minutter får dei eit frispark på omlag 20 meter, og her er dommaren tidlig oppe med sitt gule kort. Frispark blir slått rundt muren og inn på første stolpe der Eidsvåg stangar ballen i det nærmast hjørnet til 1-1. Viggo pressar vidare og Jørn som er komt fram på høgre kant tar eit flott raid og spelar ballen tilbake til Frode som setter inn 2-1 til Viggo. Eit flott angrep!! Like etter får vi eit nytt frispark fra omlag 20 meter, Ove sler ein smart ball til Vidar som er uheldig og setter ballen rett i keeper. Omlag 10 minutter før slutt kjem Eidsvåg gjennom i ein situasjon som liknar offside, men dommaren er som vanlig ikkje enig, og Eidsvåg utlignar til 2-2. Like før slutt er dommaren igjen i fokus når han annulerer eit mål til Eidsvåg, utan at det noko god grunn for det. Dermed endar kampen 2-2, men Viggo vinne jaffal kortstatestikken ganske klart med 4 gule mot Eidsvåg sine 0.

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com