Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Sk Viggo - Njardar/Tysnes 2-1 (1-1)

>

Innbyttere:  
Bobbo
Morgan
Simen

Mål:
1-0 - 12 min Frode
1-1 - 38 min
2-1 - 75 min Vidar

Ny heimekamp i eit strålande ver på Nymark kunstgras bane. Vi er før kampen klare på at dette er ein kamp vi skal vinne mot eit lag som har tapt sine tre første kampar. Vi startar kampen bra og setter Njardar tidleg under press. Vi spelar bra fotball og lar ballen gå mellom spelarane. Vi har god kontroll bakover og er flinke til å snu spelet. Vi får og resultat av presset når Marcin og Shatty kombinerer fint på høgrekanten og spelar til Frode som vender flott opp og dunkar ballen i mål. Etter målet forsetter vi å styre banespelet og midtbana vinner mesteparten av duellane. Men vi klarar ikkje å få ballen i mål. Njardar/Tysnes er først og fremst farlige når dei kjem på sin venstrekant. Dei har to veldig raske spelarar der som skaper problem for Viggo når dei får slå opp upressa bakifrå mot desse spelarane. Etter 38 minutter kjem vingen igjennom forsvaret til Viggo og klarer å sette ballen bak Jørn til 1-1. Denne stillinga held seg til pause.
2.omgang startar dårlig for Viggo. Njardar/Tysnes kom meir med mot slutten av 1.omgang og dei forsetter med dette i 2.omgang. Dei tar over midtbana og lar ikkje Viggo spelarane få ro med ballen. I ein periode midt i 2.omgang har Viggo meir enn nok med å forsvar seg. Midtveis i omgangen klarar vi å heve oss litt igjen og kjem meir med i kampen igjen og begynner å vinne duellar. Vi skapar ein god del farlige overgangar og på ein av desse får Vidar ballen med seg gjennom forsvaret til Njardar/Tysnes og han setter ballen i mål til 2-1 ledelse til Viggo. Resten av kampen er Viggo farlige på ein del overgangar medan Njardar/Tysnes pressar på for å få seg ei utligning. Men Viggo rir av presset i mot og sikrar seg dermed sesongens 2. seier.
Ein god start på kampen for Viggo, men i 2.omgang blir heng vi dårlig saman og vinn for lite duellar og vi kunne i denne perioden blitt straffa av Njardar/Tysnes. Men vi kjempar oss til 3 nye poeng er dermed på 4.plass på tabellen.

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com