Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Øygard 2 - Sk Viggo 0-2 (0-0)

>

Innbyttere:  
Simen
Lionel
Marcin
Bobbo

Mål:
0-1 - 60 min Frode
0-2 - 75 min Marcin (Straffe)

 

Den utsatte kampen mot Øygard 2 blei spelt i flott solskinn på kunstgraset ved Sartor senter. Kampen åpna ganske jamt, utan noke overtak til nokon av laga. Etterkvart kjempar Viggo til seg initativet og tar over styringa i kampen. Vi klarer å ta ned ballen og skaper enkelte fine angrep med mange fine kombinasjonar. Øygard satsar mest på å spele på tvers bak før den lange ballen mot spissane, men Viggo er gode defensivt og har god kontroll på spissane til Øygard. Midtbana kjempar veldig bra gjennom heile første omgang og Bjarte og Rune styrer avstandane i laget bra, sjølv om det til tider blir litt for sporadisk høgt press. Vi klarer derimot ikkje å omsette overtaket i spel til målsjansar. Før pause har vi kun eit par halvsjansar og er egentlig aldri farlige framfor målet til Øygard.
I pausen må Knut gje seg og Bjarte blir flytta bakover til midtforsvaret og vi legg samtidig om formasjonen på midtbana og framover på bana. Omgangen startar ganske jamt, men Viggo blir etterkvart pressa meir bakover og vi taper for mykje på midtbana. Virkar som vi ikkje er heilt komfortable med formasjonen og korleis vi skal plassere oss i forhold til kvarandre. Gir dermed vekk ein del av initiativet vi hadde i første omgang. Likevel klarar vi i 2.omgang å få ballen i mål. Bjarte sler ei presis langpasning (eller avklaring??) i bakrommet der Frode har starta og han vippar ballen elegant over keeper til 0-1. Etter dette flyttar Øygard høgare opp og gir oss større bakrom. Dette fører til at vi får nokon farlige gjennomløpningar som kunne blitt målsjansar av. Eit vanskelig tilbakespel til keeper av Øygard blir jaga av Bobbo og keeper klipper tilslutt ned Bobbo og Viggo får straffe og keeperen til Øygard blir sendt av banen. Marcin er som vanlig sikker på straffa og vi aukar til 0-2. Etter dette blir vi pressa ganske kraftig bakover på bana men Øygard klarer ikkje å kome til nokon sjansar trass i presset.
Kampen ebbar ut med 2-0 seier til Viggo og sesongens første 3 poenger er dermed i boks. Ein veldig god førsteomgang og ein mindre god andre omgang, så er forsatt rom for forbetring.

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com