Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Skogsåg - Viggo 1-1(1-1)

>

Innbyttere:  
Jørn inn for Trond etter 30 minutter

Mål:
0-1 - 25 min Shatty
1-1 - 35 min
 

Årets første heile treningskamp var bortekamp mot Skogsvåg på Skogsvåg stadion. Skogsvåg er i vår avdeling denne sesongen og vi skal møte dei igjen 3.mai klokka 15:00 på Skogsvåg stadion.

Før kampen hadde vi problem med å få med nok folk og oppladinga inn mot kampen vart derfor ikkje den beste. Viggo starta ut i ein 4-2-3-1 formasjon, nytt for dei fleste spelarane. Men sjølv om det var nytt fungerte taktikken i periodar veldig bra, spesielt defensivt. Kampen starta ganske jamt utan at nokon av laga hadde noko spesielt initiativ. Etterkvart tar Viggo over styringa av kampen og midtbane klarer å stenge av spelet til Skogsvåg i tillegg til at vi begynner å skape ting framover på bana. Vi kjem oss fint rundt på kantane, men blir litt upresise i siste pasningane. Etter om lag 25 minuttar sender Vidar ein lang ball mot Marcin, som blir tatt ned av Shatty, som vender opp og dunkar ballen via tverrliggaren og inn i målet. Kjempeskot av Shatty og eit flott mål. Dermed 1-0 til Viggo. Etter målet mistar vi ein del av initiativet og lar Skogsvåg komme inn i kampen. Trond må gje seg etter om lag ein halvtime med skade, men har før det rydda opp i stor stil når spissen til Skogsvåg kom seg aleine gjennom. Jørn kjem inn for Trond og etter 35 minutt kjem Skogsvåg seg gjennom forsvaret til Viggo og kan sette ballen forbi Jørn til stillinga 1-1. Jørn er på ballen, men har ikkje sjanse på å stoppe skotet som går inn heilt i hjørnet. Omgangen ebbar ut med 1-1 etter at Viggo har nokon små sjansar dei siste minutta av omgangen.

2.omgang blir litt som første omgang med mange tette duellar og ganske jamt mellom dei to laga. Viggo blir etterkvart liggande litt lavare i bana og Skogsvåg får litt meir av ballen utan at dei klarer å komme til noko særlig med sjansar. Ein av grunnane til at Viggo blir liggande lavare er at fleire spelarar blir godt slitne utover omgangen. Vi har ingen å sette innpå, men alle som er utpå kjempar godt sjølv om det minkar på kreftene. Ingen av laga klarer å score fleire mål og kampen endar 1-1.

Godt gjennomført kamp av Viggo, vi har veldig god kontroll bakover og får til ein del bra framover på bana. Heilt klart at vi har tatt steg i riktig retning sidan kampen mot Mann. Forsetter framgangen kan det bli ein artig sesong.

 

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com