Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Sk Viggo - Hordabø 1-0 (1-0)

>

Innbyttere:  
Trond (2.omgang)
Bobbo (2.omgang)
Simen (2.omgang)
Børge (2.omgang)
Jørn (20 min)

Mål:
1-0 - 30 min Shatty

Flotte forhold for fotball på Nymark denne onsdagen. Og når bana var ledig før vår tid fekk vi spelt 2 x 45 min mot Hordabø. Kampen starta ikkje bra for Viggo, Hordabø tar kontroll på spelet og pressar Viggo bakover på bana. Viggo skaper lite framover og mistar ballen enkelt fleire gangar i det oppbyggande spelet. Vi slit og litt med nye folk i ulike posisjonar som gjer at vi henger dårlig saman i midtbaneleddet. Og når vi då ikkje går skikkelig inn i duellane blir det Hordabø som styrer mykje av kampen i starten. Etterkvart kjempar vi oss meir inn i kampen og vi finn kvarandre betre, samtidig som vi gjer ting enklare. Vi lar ballen gå kjappare framover og treffer betre på pasningane. Dette fører til at vi kjem til fleire sjansar utover omgangen. Etter omlag 30 minutter tar David eit langt utspark som går heilt fram til Shatty. Shatty lobbar ballen elegant over den utrusande keeper og til 1-0 ledelsen til Viggo. David står ein flott 1.omgang der han rydder opp i stor stil og kommanderer forsvaret foran seg, og er viktig i at Viggo holder ledelsen til pause.

I pausen foretar vi nokon bytter slik at 4 nye startar 2.omgang. Vi startar 2.omgang veldig bra og har full kontroll på det meste som skjer på Nymark. Vi skapar fleire farlige sjansar på at vi er presise i pasningane framover på bana, vi vinner fleire duellar og kjempar bra i heile laget. Omlag 20 minutter før slutt kjem Jon for seint inn i ei takling og treffer spissen til Hordabø, som i heile kampen så langt har vore for seint inne i alle duellar. Men etter å ha blitt takla av Jon klikkar det fullstendig for spissen og dommaren viser han korrekt det raude kortet etter at han tar tak og legg Jon i bakken. Vi skapar eit par store sjansar midt i 2.omgang. Børge har eit kjempeskot og Bobbo får ein fin sjanse etter at Jørn har flott overblikk og lar ballen gå til Bobbo. Mot slutten går litt av konsentrasjonen ut av Viggo, og vi heng dårligare saman som lag. Hordabø kjem meir med i kampen igjen og får eit par sjansar heilt mot slutten, men klarer ikkje å overliste Trond. Kampen endar dermed med 1-0 seier til Viggo.
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com