Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Fjell-Kam - Viggo 3-1 (2-1)

>

                   
    Trond          
          1-0 7 min  
              1-1 11 min Bobbo
    Knut Løne   Børge K.     2-1 38 min  
  Ulrik       Knut M   3-1 83 min  
  Jørn(20)                
                   
    Rune   Morgan          
  Marcin       Bobbo        
  Vidar(70)       Helge(30)        
  Jørn(10)                
    Shatty   Ove          
    Marcin(40)              
                   
                   
 

Tidlig laurdagskamp mot Fjell kameratene på kunstgraset på stemnemyren.
Før kampen er vi enige om å presse høgt og prøve å stresse Fjellkam, og få minutter er spelt før vi kjem til ein sjanse når Marcin og Shatty kombinerer op høgre kanten og ballen kjem til Ove som setter ballen like over tverrliggaren. Etterkvart tar Fjellkam over og styrer meir og meir av kampen. Etter 7 minutter spelar dei seg gjennom midten og får ballen bak Trond til 1-0. Få minutter seinara sler Viggo tilbake og etter at keeper ikkje klarer å holde ballen er Bobbo på plass å setter inn utligninga.
Fjellkam forsetter å ha initiativet i kampen og Viggo blir pressa bakover. Men Viggo har likevel bra kontroll og det er få store sjansar imot. Etter 38 minutter sler Fjellkam ballen langt oppover, og spissen til Fjellkam vinn duellen med Børge og får med seg ballen innover i bana, og skuddet som kjem sprett mellom hendene til Trond til 2-1 til Fjellkam. Det blir og stillinga til pause.
2.omgang blir litt betre av Viggo, vi kjem oss høgare i bana, utan at vi klarar å spele oss til dei store sjansane. Vi klarer ikkje å få flytta laget skikkelig etter når vi får sjansar til overgangar og det blir for lite trøkk framover. Mot slutten satsar vi enda meir framover, og då får Fjellkam enda ein sjanse når vi rotar bakover, og det lause skotet sprett i mål til 3-1.
Dermed tapar vi kampen 3-1, mot eit lag som idag er klart betre enn oss. Neste kamp no er årets siste og den er flytta til torsdag 11.oktober klokka 20:00 på Nymark kunstgras. 

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com