Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Viggo - Olsvik    10-3   (5-3)

>

                   
    Trond          
          1-0 3 min Shatty
              1-1 4 min  
    Knut M   Ove     1-2 12 min  OVE
  Roger       Helge   2-2 15 min Shatty
  Jørn(20)           3-2 18 min Henning
              3-3 23 min  
    Rune   Morgan     4-3 27 min Shatty
  Marcin       Vidar   5-3 36 min Marcin
              6-3 55 min Shatty
              7-3 59 min Morgan
    Shatty   Henning     8-3 64 min Henning
              9-3 70 min Henning
              10-3 75 min Henning
 

Vårkampen enda med 1-1 mellom desse to laga. Og Viggo var før denne kampen innstilte på å slå tilbake etter den dårlige 2.omgangen mot Fusa sist helg.
Kampen er berre 3 minutter gammel når Shatty får første sjanse og setter ballen sikkert i mål til 1-0. Viggo er ikkje heilt med og Olsvik sler rett tilbake etter tabbe av Ove og det står 1-1. Etter 12 minutt får Olsvik frispark litt inn på vår banehalvdel og ein lang ball inn i feltet blir stussa i foten til Ove som sette ballen i eige nett til 2-1 til Olsvik. Men er ikkje lenge Olsvik er i front. Shatty har dagen og etter 15 minutter utlignar han til 2-2. Rett etterpå er Henning frampå og sender Viggo i ledelsen igjen. Men Olsvik gir seg ikkje heilt enda og 5 minutter seinare utlignar dei igjen. Få minuttar seinare er Shatty igjen på frampå og setter inn sitt tredje for dagen så langt. Etter 36 minutter kjem ein corner frå Vidar til Morgan på bakerste som via tverrligger header til Marcin som setter inn 5-3 som blir pauseresultatet.
I pausen er vi opptatt av å ikkje dette ned på slik som skjedde forrige kamp, men ingen fare for det, då vi 10 minutter ut i 2.omgang får 6-3 målet og igjen er det Shatty som puttar, hans fjerde for dagen. Få minutter seinare er det historisk på Nymark; Morgan puttar sitt første mål for Viggo sidan 1996 med eit godt plassert skot til 7-3. Deretter er det litt Henning show, og han scorar hattrick på 11 min slik at stillinga til slutt er 10-3 til Viggo.
Eit godt gjennomført kamp av Viggo, spesielt 2.omgang er kjempebra. Mykje bra innsats av alle som er med idag!!
Neste kamp er mot Fjell neste laurdag.

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com