Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Fusa - Viggo 6-1 (0-1)

>

                   
    Trond          
               
              0-1 40 min Henning
    Knut M   Knut Løne     1-1 47 min  
  Ulrik       Vidar   2-1 50 min  
          Tim(30)   3-1 60 min  
              4-1 70 min  
    Rune   Ove     5-1 80 min  
  Marcin       Tom   6-1 85 min  
          Tim(45)        
                   
    Shatty   Henning          
    Martin(30)              
                   
                   
 

Laurdagen startar med at vi mister ferga på Hatvik og deretter må reise langt og lengere enn langt til ein plass der ingen skulle tru at nokon kunne bu før vi kjem til ei humpete og uslått grasbane langt inne i skogen. Etter nokon få minutter oppvarming er vi klare til kamp og vi satsar på å gå lavt ut og auke presset utover omgangen. 1.omgang er jamspelt med få sjansar til begge lag. Viggo har eit par store sjansar og like før pause får Henning ein lang ball frå Vidar som han enkelt setter over keeper og i mål til 1-0 til Viggo. Ei stilling som holder seg til pause. Frå førsteomgang må og nevnast at Løne får gult kort etter å ha sagt til dommaren at ein spelar låg nede med hovudskade (sånn sportslig oppførsel kan vi ikkje ha noke av!!) og Shatty blir klipt ned av keeper som er bakerste mann og då blir det ikkje utdelt nokon kort.
I pausen bestemmer vi oss for å forsette på same måte, men før det har gått eit minutt kjem Fusa gjennom forsvaret og får utligna til 1-1. Kort tid etter får dei nok eit mål og tar ledelsen 2-1. Omgang blir ganske dårlig for Viggo, til slutt står det 6-1 etter ein elendig 2.omgang. Vi kjem ikkje inn i duellane og Fusa får veldig mykje rom, og Viggo spelarane blir berre springande imellom. Når dommaren heller ikkje har ein topp dag, blir det veldig vanskelig.
Neste kamp no er mot Olsvik heime på Nymark på laurdag klokka 15:00.

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com