Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Viggo - Ramsøy/Vestsiden 5-1 (2-0)

>

                   
    Trond          
               
              1-0 20 min Henning
    Børge K.   Knut Løne     2-0 35 min Ove
  Knut M       Helge   3-0 55 min Henning
              3-1 65 min  
              4-1 75 min Henning
    Rune   Morgan     5-1 90 min Tim
  Marcin     Martin(20) Bobbo        
  Ulrik(20)       Tim(10)        
                   
    Ove   Henning          
                   
                   
                   
 

Søndagskamp heime mot Ramsøy/Vestsiden med avspark klokka 16:00.
Kampen starta bra for Viggo og vi tok tidlig styringa på kampen og skapte det som var av sjansar første 10 minutta i kampen. Både Henning og Ove har sjansar til å score tidlig i kampen. Etterkvart kjem Ramsøy/Vestsiden litt inn i kampen og skapar nokon halvsjansar, men utan å få uttelling. Første målet kjem på straffe med Henning etter at Ramsøy/Vestsiden handsar på ein ein stuss frå Ove inne i feltet. Henning setter ballen sikkert i mål til 1-0. Etter målet tar Viggo meir over igjen og har det meste av spelet. 2-0 kjem etter ein retur frå keeper der Ove er høgast i duellen og headar inn 2-0, som og blir pauseresultatet.
Etter pause forsetter Viggo med å styre mesteparten av spelet, men Ramsøy/Vestsiden er farlige på nokon kontringar. 10 minutter ut i omgangen kjem eit langt gjennomspel til Henning som tar med seg og puttar ballen forbi keeperen til Ramsøy/Vestsiden til 3-0 til Viggo. Ramsøy/Vestsiden får etterkvart ei redusering, men ikkje lenge etter får Viggo på nytt straffe etter at Ulrik blir felt på vei inn i feltet. Henning er også denne gangen sikker og setter inn 4-1. Etter dette har Viggo god kontroll på kampen, og siste minutt puttar Tim inn 5-1 etter ein retur frå keeper.
Dermed tar Viggo sin fjerde strake seier og forsetter den gode haustsesongen. Til helga ventar Fusa som og har hatt ein god haustsesong og kjempar i toppen av avdelinga vår. Dette blir ein test for Viggo, men spelar vi som vi har gjort i det siste bør vi og i denne kampen ha sjanse på poeng.

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com