Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

ß

Kalandseid - Viggo

à

                   
    Trond          
               
              0-1 20 min Helge
    Børge K.   Knut Løne     1-1 30 min  
  Roger       Helge   1-2 40 min Henning
              1-3 65 min Henning
              1-4 90 min Vidar
    Rune   Morgan          
  Marcin       Bobbo        
  Vidar(25)       Ulrik(15)        
                   
    Ove   Henning          
                   
                   
                   
 

Bortekamp mot Kalandseid på ein regntung september dag. Kampen starta med overtak til Kalandseid og første kvarteret styrte dei kampen og Viggo fekk til lite spel. Etterkvart tok Viggo meir over og etter 20 minutter smeller Helge til ifrå 30 meter og ballen suser inn i nettet til 1-0 til Viggo. Etter målet forsetter Viggo å styre kampen. Likevel er det Kalandseid som får det neste målet då eit langskot skiftar retning i beinet på ein spelar som står rett framfor Trond. Viggo gir seg likevel ikkje og like før pause setter Henning fart og driblar seg gjennom forsvaret til Kalandseid og setter ballen i mål til 2-1 til Viggo.
I pausen bestemmer vi oss for å forsette på samme måte, og det klarer vi då vi styrer mesteparten av spelet etter pause. Henning puttar sitt andre for dagen midt i 2.omgang då eit langt utspel frå Trond går over heile forsvaret til Kalandseid og heilt fram til Henning som setter ballen kontrollert i mål.
2.omgang blir og prega av mange tøffe dueller og merkelige dommaravgjersler. Kalandseid får utvist ein spelar midt i omgangen etter at han sparkar Roger, og i tillegg blir det delt ut ein del gule kort av ein dommar som mister kontrollen på kampen etterkvart. Viggo er likevel det beste laget og det er fortent når Vidar  aleine med keeper setter inn 4-1 målet heilt mot slutten.
Sterk seier av Viggo mot eit Kalandseid lag som tidlegare hadde vunne alle heimekampane sine. Vi tar dermed den tredje seieren på rad og er på vei oppover tabellen.
Neste kamp no er mot Ramsøy.

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com