Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

ß

Viggo - Smørås 1-0 (1-0)

à

                   
    Morten          
               
              1-0 30 min Jon
    Knut M   Jon          
  Christian       Helge        
                   
                   
    Rune   Knut Løne          
  Bobbo       Bjarte        
  Kjetil(5)                
                   
    Børge   Ove          
                   
                   
                   
 
Endelig seier i 2006 sesongen! 1-0 over Smørås heime på Nymark smakte heilt strålande.

Før kampen var vi fokuserte på at vi måtte krige i kvar duell og kjempe i 90 minutter. Før kampen var vi lite folk og i tillegg blei det gjort nokon omrokeringer på laget for å få litt meir trykk oppover på bana. Vi starta kampen med ei flott innstilling og kjemper i alle dueller heilt fra starten. Ove får ein sjanse etter allereide eit par minutter men ei svak avslutning gjer at ballen går langt utanfor. Ikkje lenge etter sender Børge avgårde eit kanonskudd fra omlag 30 meter. Smørås keeperen får ei hand på ballen og slått den til corner. Den påfølgande corneren sler så Børge i stanga så vi har skikkelig press på Smørås i denne perioden. Etter omlag 30 minutter får vi frispark fra høgrekanten og Helge sler ein flott ball inn mot bakerste stolpe. Jon er først på andreballen og header den sikkert inn bak keeper. 1-0 til Viggo.
Smørås prøvar å få til litt spel, men vi tvingar dei til å slå mykje langt og dei ballane plukkar forsvarsfiraren opp det meste av. Viggo har ein strålande innsats i heile først omgang og kan gå til pause med 1-0 ledelse. I pausen er det mange trøtte bein, men alle er innstilte på å gå ut kjempe vidare på samme måte i andre omgang.
Andre omgang startar i samme spor som i første, med mange tøffe duellar og til dels høg temperatur på bana. Smørås klarer etterkvart å presse Viggo lenger bak på bana og flyttar opp spelet sitt. Men Viggo forsetter å vere farlige på contringer. Viggo blir i tillegg feilaktig avblåst  for offside etter eit raskt frispark fra Bjarte til Ove som ville vore aleine med keeper om dommaren ikkje hadde blåst.
Mot slutten Smørås kraftig på men klarer ikkje å få ballen i mål bak eit solid Viggo lag. Dermed sikrar vi årets første seier og jubelen står i taket!!

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com