Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

ß

Kalandseid

-

Sk Viggo

1-3 (1-1)

à

                   
                   
        Morten        
                 
                   
                   
      Knut L. Knut M.      
  Roger     Helge(20)  
        Gaute(60)  
            Halfdan(10)  
                   
      Eivind Bjarte      
  Rune (45)     Halfdan(45)  
  David(45)     Svein(45)  
               
      Ove J   Børge(70)      
        Thomas(20)      
               
                   
                   
                   
                   
                 
  1-0 20 min            
  1-1 40 min   Eivind        
  1-2 65 min   Ove        
  1-3 85 min   Thomas      
 

Dato:

01 -oktober-05

Klokke:

15.00

Bane:

Kalandseid Idrettsplass

Før kampen var vi heilt bestemte på at vi ikkje skulle bli laget som Kalandseid tok sin første seier mot, men i starten virka det som vi ikkje var heilt innstilte på å gjennomføre. Kampen bølga fram og tilbake og ingen av laga kom til dei store sjansane. Kalandseid brukte fysikken meir enn Viggo i duellane og det førte til at Viggo ikkje fekk noko tak på kampen. Etter omlag 20 minutter skjer så det som ikkje skal skje. Kalandseid kjem igjennom og får putta ballen i mål bak Morten. Etter målet hevar vi oss litt og kjem meir fram på bana og skaper litt meir sjansar. Utteling for dette får vi ikkje før etter omlag 40 minutter. Mange dueller i feltet fører til at Børge får ballen på dødlinja og han tuppar ballen fint inn i feltet til Eivind som styrer ballen fint i målet med hovudet.

Dermed får vi med oss eit uavgjort resultat inn til pause etter ein svak første omgang.

Andre omgang startar klart betre for Viggo og vi tar initiativet i kampen og skaper ein god del sjansar i starten av andre omgang og vi får ein del dødballer. Utteling får vi først etter omlag 65 minutter. Ballen kjem opp fra midten til Ove som snur opp og tar med seg ballen mot mål. Fra 20 meter skyter han ballen i lengste hjørne og 2-1 til Viggo.

Etter dette er det forsatt spenning i kampen, men Viggo held initivet og vi skaper fleire sjansar til å avgjere kampen. Både David og Svein har skuddsjansar som keeperen til Kalandseid må strekke seg for å avverge. Avgjersla kjem likevel ikkje før 5 minutter før slutt. Halfdan spelar opp Ove på venstresida. Ove drar seg forbi ein forsvarer og kjem til linja og sler ballen ut til ein ventande Thomas som setter ballene kaldt i mål! Etter dette styrer vi kampen inn til ein fortent 3-1 seier.

Vi tar dermed igjen tre veldig viktige poeng i kampen for å overleve i divisjonen. Men det forsatt mykje spenning i bunnen og der ser ut til at vi er avhengige å vinne siste kampen for sesongen, neste laurdag mot Kvernbit.
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com