Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

ß

Fyllingen 2

-

Sk Viggo

3-0 (1-0)

à

                   
                   
        Morten        
                 
                   
                   
      Knut L. Knut M.      
  Roger     Rune   
           
               
                   
      Eivind(55) Bjarte      
  Kjetil(60) Svein(35)   Vidar  
  Halfdan(30)        
               
      Ove J Børge      
               
               
                   
                   
                   
                   
                 
  1-0 25 min            
  2-0 65 min            
  3-0 80 min            
 

Dato:

3-september-05

Klokke:

15.00

Bane:

Varden Kunstgras

I strålande haustver tok Viggo turen til Fyllingsdalen for kamp mot Fyllingen 2.

Ikkje altfor mange spelarar tilgjengelige for Viggo i denne kampen, men alle var veldig innstilte på å gi alt for å ta med oss poeng fra dalen.

Kampen starta som forventa med press fra Fyllingen. Vi havna bakpå men forsvarte oss veldig bra og hindra dei i å komme til nokon særlige sjansar. Etter omkring 25 minutter fekk dei likevel utteling for presset når dei spelte seg fint gjennom forsvaret vårt og satt ballen bak Morten. Resten av omgang  kjempa vi vidare og kjem stadig meir inn i kampen. Men den gode kjempinga gav ikkje resultat og vi måtte gå til pause med 1-0.

Andre omgang starta med veldig bra kjemping fra Viggo og i den perioden er det vi som har overtaket på spelet. Børge får ein sjanse innanfor sekstenmeter etter flott forspill av Bjarte, men setter den like utanfor. Største sjanse vår er det Knut Løne som får på ein corner som han headar knallhardt på mål, men keeper får slått ballen over til ny corner.

I denne veldig gode perioden får så Fyllingen ei contring som endar med ny scoring til Fyllingen og dermed 2-0.

Etter dette faller Viggo litt igjen, og Fyllingen tar over initiativet igjen og styrer resten av kampen. På slutten får dei og satt inn enda eit mål slik at sluttresultatet blir 3-0.

Dermed blir det tap for Viggo mot topplaget Fyllingen, men med litt flaks og uttelling i den gode perioden i andre omgang kunne vi fort ha fått med oss poeng idag og. Innsatsen til spelarane er veldig bra idag og, så det er mykje å bygge vidare på til neste kamp mot Arna/Bjørnar kommande onsdag. Var og kjekt å sjå tidlegare trenar Svein Solberg tilbake i Viggodrakta. Håpar det fleire kampar utover hausten! 
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com