Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

ß

Kjøkkelvik

-

Sk Viggo

0-0 (0-0)

à

                   
                   
        Morten        
                 
                   
                   
      Knut M. Knut L.      
  Harald(45)     Helge(70)  
  Kim Ove(30)     Bobbo(20)  
  Thomas(15)            
                   
      Bjarte Daniel      
  Thomas(70)     Vidar  
  David(20)        
               
      Ove J Børge      
               
               
                   
                   
                   
                   
 

Dato:

23-mai -05

Klokke:

20.00

Bane:

Kjøkkelvik Grus

To dagar etter kampen på stadion med sol og flott gras-teppe var det tilbake til kvardagen når Viggo mandag møtte Kjøkkelvik i regnver på Kjøkkelvik grusen. Kampen innebar også gjensyn med tidlegare Viggo-spelar Christian Herland.

Kampen starta med høg press fra Viggo, og vi gjekk knallhardt til i alle duellar noko som resulterte at vi pressa Kjøkkelvik bakover på bana. Høg aggresivitet og veldig god innsats av alle Viggo spelarane førte til at vi styrte heile første omgangen, men utan at vi kom til dei store sjansane. Børge hadde eit par bra forsøk, Ove hadde eit skudd som keeper fekk slått til corner og Thomas fekk og fyrt av eit skudd på Kjøkkelvik sin keeper. Sentral midtbana til Viggo fungerte spesielt bra, med Daniel og Bjarte som vann alt av dueller.

Andre omgang startar med fortsatt Viggo-press, og vi styrer kampen også første kvarteret av 2.omgang. Etterkvart tar Kjøkkelvik meir over, dei tar over midtbana og setter Viggo under til dels eit kraftig press. Viggo blir pressa bakover og har i lengere perioder problem med å komme seg ut av eige forsvar. Kjøkkelvik får ein del farlige frispark, men Morten og forsvaret rydder vekk alt som kjem. Mot slutten får Viggo igjen ein del meir av spelet og vi kjem på ein del kontringar uten å komme til dei heilt store sjansane. Heilt på slutten kjem Ove seg fri og kjem til skudd aleine med keeper, men keeper er kjapt nede og får stoppa skuddet. Dermed endar kampen 0-0, og begge laga får kvart sitt poeng.

Viggo viser igjen i denne kampen at dei kan kjempe med dei fleste i denne avdelinga, så lenge innsatsen er på topp og alle yter for laget. Med samme innsats satsar vi no på tre poeng i neste kamp! 
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com