Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Sk Viggo - Bjørn West 1-2 (1-0)

>

Lagoppstilling:
Trond;

Thomas; Ove; Martin P; Anders;

Marcin; Kristian; Kurt; Eirik;

Martin B; Ørjan;

Innbyttere:  
Olav;

Mål:
1-0 - 35 min - Martin
1-1 - 60 min
1-2 - 75 min

Flotte forhold for fotball på Nymark denne laurdagsmorgonen. Sola skinte og vinden var nesten heilt fråverande. Viggo tapte val av side og vi fekk sola i augene i 1.omgang. Men vi startar likevel best og vi pressar Bjørn West langt bak på bana. I starten av kampen er det likevel få store sjansar og ballen blir spelt mest på tvers av begge lag. Bjørn West skapar lite sjansar i førsteomgang men har eit kanonskot som Trond sler i stanga og så ned på streken. Bjørn West ropar på mål men dommaren er bestemt på at ballen ikkje er inne. Viggo har fleire sjansar og både Ove og Eirik har farlige headingar etter dødballar, men det er Martin B som klarer å putte ballen i mål. Ein lang ball opp frå Thomas til Martin som vender vekk forsvararen og setter ballen i lengst hjørnet til 1-0 ledelsen til Viggo. Vi held trykket opp resten av omgangen og slepper ikkje Bjørn West til nokon sjansar til å utligne.
2.omgang startar og Viggo best og vi skapar nokon halvsjansar utan å få uttelling. Vi får blant anna ein situasjon som lignar på den Bjørn West meinar er inne i 1.omgang, der ballen bevegar seg i området rundt linja før den blir slått vekk av ei forsvarsarm. Men dommaren som ikkje hadde ein toppdag, berre vinkar spelet vidare. Berre ein av mange merkelige avgjersler av dommaren denne dagen.
Bjørn West kjempar i alle duellar og dei får etter ein times spel uttelling for sjansane og dei puttar inn utligninga. Etter målet held dei oppe trykket og får enda eit mål eit kvarter før slutt. I begge situasjonane er Viggo spelarane passive og vi slepper Bjørn West til altfor enkelt. 2.omgangen er blant dei svakast omgangane vi har spelt i haust og det blir altfor mykje føring av ball istadenfor å spele til betre plasserte medspelarar. Vi får nokon få sjansar heilt på slutten men klarar ikkje å få putta ballen i mål, slik at haustens første tap er eit faktum.
Vi møter eit godt organisert Bjørn West lag og eit av dei betre laga vi har møtt i år. Men hadde vi hatt dagen ville vi nok vunne denne kampen. 
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com