Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Øygard - Sk Viggo 2-2 (1-1)

>

Lagoppstilling:
Trond;

Tim; Martin P; Ove; Bjarte;

Victor; Kurt; Eirik; Vidar;

Martin B; Marcin;

Innbyttere:  
Olav; Helge;

Mål:
1-0 - 3 min
1-1 - 30 min - Olav
2-1 - 65 min
2-2 - 90 min - Eirik
 

På ein regntung dag tok Viggo turen til Sotra for å møte Øygard som låg rett bak oss på tabellen.
Kampen starta dårlig for Viggo og vi får eit mål imot etter allereide 3 minutter. Øygard får corner og vi klarer ikkje å få ballen langt nok vekk, og Øygard skyt frå 16 meter og ballen snik seg inn nede i hjørnet. Øygard holder oppe trykket dei neste minutta, men Viggo kjempar seg inn i kampen og tar etterkvart heilt over. Vi rullar opp fleire gode angrep og kjem til ein del halvsjansar. Etter omlag ein halvtime får vi frispark på 30 meter og Kurt skyter knallhardt mot bakerst stolpe. Ove stussar skuddet vidare og keeper må gje retur som Olav sikkert setter inn til 1-1. Vi fortsetter presset og styrer kampen inn mot pause. Men siste 5 minutta før pause får Øygard igjen nokon store sjansar, men vi står imot slik at stillinga til pause er 1-1.
I 2.omgang startar vi klart best og i medvinden skapar vi fleire farlige situasjonar framover på bana. I tillegg har vi god kontroll bakover på bana. Øygard har nokon få farlige tilløp og på eit av desse tar Vidar ballen frå Øygard innanfor 16-meteren, men dommaren dømmer likevel straffe i situasjonen. Straffa setter Øygard i mål til 2-1 ledelse. Viggo pressar vidare utan at vi klarer å skape dei heilt store sjansane. Heilt på slutten sler Martin P ein lang ball opp i feltet som keeperen til Øygard feilvurderer og Eirik får ein enkel jobb med å sette inn utligninga. Dermed endar kampen uavgjort 2-2.
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com