Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Fyllingen 3 - Sk Viggo  3-1  (2-0)

>

Lagoppstilling:
Markus;

Jon; Ove; Stian; Anders

Frode; Martin P; Kurt; Ørjan

Roger; Martin B

Innbyttere:  
Andreas
Eirik
Kent-Ove
Victor
Bobbie
Olav
Dan
Tim

Mål:
1-0 - 20 min
2-0 - 35 min
3-0 - 70 min
3-1 - 80 min - Ove

 

Kamp mot Fyllingen på den flotte Framo bana ved Varden og lett snøver minna oss på at det er nokon veker til seriestarten enda.
Vi bestemte oss før kampen for å spele 4-4-2 og sidan ny trenar ikkje var på plass var det Pål som leia laget denne kampen.
Vi starta kampen ganske bra og vi lar ballen gå og prøvar å komme oss rundt på kantane. Til tider snur vi litt for mykje opp i samme situasjonane igjen istadenfor å snu spelet men dette kjem seg nok til serien startar.
Vi har stort sett godt kontroll på Fyllingen, men dei er litt farlige når dei sler langt å flyttar laget raskt etter. Etter 20 minutter kjem Fyllingen rundt på sin venstrekant og sler eit flott innlegg som ein Fyllingen spelar klarer å heade i mål etter duell med to Viggo spelarar.
2. målet til Fyllingen kjem etter at Viggo ikkje avklarar skikkelig og skuddet går via keeper og inn i målet til pausestilling 2-0. I pausen byttar vi ein del i laget og utover 2.omgang kjem alle innbyttarane inn. Vi startar bra i 2.omgang og styrer det meste av spelet. Vi kjem etterkvart til fleire store sjansar, men utan at vi klarar å omsette dette til mål. Fyllingen skapar nesten ingenting i denne omgangen, men dei klarar likevel å omsette den første sjansen dei får i omgangen til teljande resultat.
Viggo får seg eit trøstmål etter ein flott corner frå Stian kan Ove heade inn sluttresultatet 3-1. 
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com