Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Sk Viggo - Hasund Hund  0-3  (0-2)

>

Lagoppstilling:
Trond;
Jon; Ove; Eivind; Thomas
Kent-Ove; Martin
Victor; Stian; Tim
Lionel

Innbyttere:  
Bobbie
Kristian
Frode

Mål:
0-1 - 15 min
0-2 - 25 min
0-3 - 85 min
 

Søndagskamp mot Nymark nabo Hasund Hund, som varma opp til kampen med allsang rundt midten. Kreativt om ikkje akkurat platemateriale.
Er og Hasund som startar kampen klart best og heile første omgang styrer dei det aller meste som skjer. Likevel Viggo som får den første sjansen og korleis Lionel klarer å ikkje score trur eg nesten Lionel må forklare sjølv.
Hasund styrer det meste og er farlige på raske gjennomspel og etter eit gjennomspel på sin høgrekant får kjem dei seg gjennom og setter inn 1-0. 2-0 kjem og frå høgrekanten med ein innlegg som blir heada i  mål.
2.omgang er ein heilt annan kamp frå Viggo og vi styrer alt som skjer på bana, men vi sliter voldsomt med å putte ballen inn i nettet og det nærmast vi kjem er ei redning på streken som går via stoplen og ut igjen. Likevel er det Hasund som klarer å få seg eit mål. Ein corner blir ikkje avklara og Hasund puttar ballen i mål heilt mot slutten.
Vi må ta med oss den gode 2.omgangen og jobbe vidare med det i dei neste treningskampane.
Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com