Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

<

Hetlevik - Sk Viggo 2-1 (2-1)

>

Innbyttere:  
Lionel for Morgan (2.omgang)
Simen for Frode (halve 2.omgang)

Mål:
0-1 - 5 min Shatty
1-1 - 30 min
2-1 - 40 min
 

Positiv start på kampen frå Viggo. Vi går ut og pressar Hetlevik første minutta og etter 5 minutter er Shatty frampå og puttar ballen forbi keeperen til Hetlevik til ledelse 0-1 til Viggo. Etter dette er det jamt i kampen med eit lite overtak til Hetlevik. Nokon småsjansar begge veiar men blir ingen mål ut av det.
Etter omlag ein halvtime får Hetlevik frispark ute på kanten av feltet. Dei skrur ballen rundt muren og inn i nærmast hjørne til 1-1. Etter dette pressar Hetlevik vidare og har mesteparten av spelet. Etter eit frispark frå omkring 30 meter blir slått mot bakerst stolpe der ein Hetlevik spelar er på plass og headar inn 2-1, som og står seg til pause. Viggo startar bra, men blir etterkvart baktunge. Vi sliter med at vi ikkje klarer å etablere spel oppe på bana. Vi klarerar ballen, men tapar stort sett duellane slik at Hetlevik får ta kontrollen igjen.

2.omgangen startar meir positivt for Viggo og vi er bra med i det som skjer første kvarteret. Vi får til nokon fine kombinasjonar og kjem oss bra rundt på kantane. Etterkvart virkar det som vi blir slitne igjen og Hetlevik tar over og pressar oss til dels langt bak på bana. Mot slutten får Hetlevik ei straffe som Trond reddar heilt strålande. Dermed endar kampen med 2-1 tap for Viggo.
Ein dårlig kamp av Viggo der vi sliter med å få til noko sjølvstendig spel, og etterkvart går tomme for krefter. Hetlevik var ikkje noko veldig godt lag, og på ein god dag hadde vi slått dei (jaffal med ein litt bedre dommar).

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com