Kamp mot det einaste laget vi hadde slått tidlegare
i sesongen, og vi bestemte oss før kampen at vi skulle gjenta det i heimekampen
på Nymark. Vi gjekk derfor høgt ut og pressa hardt heilt ifrå start. Kanskje
litt for hardt for enkelte, Martin var uheldig og fekk strekk allereide etter
eit par minutter. Vi klarte likevel å holde oppe trykket og styrte mesteparten
av spelet. I tillegg får vi til mykje fint spel og klarer å spele oss ut av
forsvar og komme rundt på kantane. Etter om lag 20 minutter fører fine
kombinasjonar til at Ove får ballen på venstre kanten av 5-meteren til Njardar
og sler ballen inn foran mål der Marcin sikkert setter ballen bak keeper til 1-0
til Viggo. Etter scoringa forsetter Viggo presset og skapar fleire store
sjansar. Og etterkvart flyttar vi opp meir av laget og på ein corner kontrar
Njardar og spissen kjem åleine med Jørn som er sjanselaus på den flotte lobben
til spissen. Vi har fleire sjansar i første omgang, men klarer ikkje å få ballen
i mål slik at stillinga til pause er 1-1.
I andre omgang forsetter vi å presse Njardar
bakover, og vi styrer det aller meste av spelet. Vi skaper ein god del
sjansar, men effektiviteten er ikkje heilt på topp. Men midtveis i andre
omgang kjem Joakim seg fint rundt på høgrekanten og sler inn foran mål
der Ove enkelt kan styre ballen i nettet, og 2-1 til Viggo. Mot slutten
av kampen blir fleire av spelarane slitne og Njardar får nokon
overgangar der dei kunne fått nokon farlige sjansar. Men kampen ebbar ut
med 2-1 seier til Viggo. 3 veldig fortente poeng. Flott innsats av alle
som var med denne kampen, vi styrer mesteparten av kampen og med høgare
effektivitet hadde seieren vore mykje større. Neste kamp no er heimekamp
mot Slutt 1.september klokka 15:00 på Nymark. Då satsar vi på 3 nye
poeng!
|