Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

ß

Viggo - Skogsvåg 0-1 (0-0)

à

                   
    Morten          
               
              0-1 75 min  
    Knut M   Thomas S          
  Christian       Harald        
                   
                   
    Ove   Rune          
  Roger       Bjarte        
  Fredrik(45)                
                   
    Børge   Marcin          
    Svein(45)              
                   
                   
 

Første heimekampen for Viggo i seriesammenheng på Krohnsminde i eit fint sommarver.
Kampen starta ganske jamt, med eit lite overtak til Skogsvåg. Utover 1.omgang vart overtaket til Skogsvåg berre større og større og Viggo sliter med å komme inn i kampen. Skogsvåg er tøffare i duellane og vinner dei fleste. Sjanser er det få av i første omgang. Ingen av laga klarer å skape noke store sjansar og det står 0-0 til pause.
I andre omgang prøvar Viggo å heve seg, men eit veldig godt Skogsvåg lag hindrar Viggo å få til noke spel og einaste sjansane vi klarer og skape kjem stort sett fra dødballer. Marcin har ein flott gjennom løpning men driblar ein mann for mykje og blir hindra i skuddøyeblikket.
Skogsvåg skaper derimot meir og meir utover andre omgang. Raske og tekniske spelarar skapar problem for Viggo forsvaret og det fører til fleire store sjansar. Etter omlag 75 minutter kjem Skogsvåg fri på sin høgrekant og setter ballen forbi Morten til 1-0 ledelse. Etter dette har Skogsvåg og fleire andre sjanser blant anna ein ball som går i tverrliggaren.
Kampen endar med 1-0 seier til Skogsvåg, alt i alt ein fortent seier. Skogsvåg laget er heilt klart eit av dei beste laga vi har møtt i år.

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com