Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

ß

Telavåg  - Viggo 1-0 (1-0)

à

                   
    Morten          
               
              1-0 10 min  
    Knut M   Thomas S          
  Jørn       Harald        
                   
                   
    Ove   Knut Løne          
  Roger       Bjarte        
                   
                   
    Børge   Marcin          
                   
                   
                   
 

Etter forrige vekes kamp mot tabelljumbo Austevoll var det ein vanskelig kamp borte mot serieleder Telavåg som sto for tur for Viggo. Ei strøken grasmatte tok imot Viggo.
Kampen starta med overtak til Telavåg og dei pressa Viggo bakover i første minutta av kampen. Etter 10 minutter får Telavåg frispark på Viggo sin høgre side. Det blir slått langt og lengere enn langt, faktisk heilt over dødlinja, men Telavåg får lov til å heade ballen inn på bana igjen og styrer ballen i mål.
Ett par minutter etter målet får Telavåg straffe etter snubling i feltet. Straffa setter dei i tverrliggaren og returen over.
Telavåg held initiativet utover omgangen, og blir ikkje bedre av at Knut L trakker over. Mot slutten av omgangen får Viggo ein flott overgang og Børge kjem aleine med keeper, men keeper gjer ei kjemperedning og får slått til corner.
I pausen må Knut L gje seg, og ny mann skal vere underveis. Men den nye mannen kjem ikkje og Viggo må fullføre andre omgang med kun ti mann på bana. Alle spelarane gjer likevel ein kjempeinnsats, og trass i ein del store sjanser til Telavåg som Morten saman med forsvaret ryddar opp i, holder vi tett bakover i heile andre omgang. Vi slit derimot med å skape noko særlig framover og kvar gang Marcin fekk ballen på topp blei han enten holdt eller sparka ned utan at nokon fløyte vart blåst i. Mot slutten pressa Viggo Telavåg bakover og skaper faktisk eit par store sjansar men lykkast ikkje med å få ballen i mål.
Trass i tap er det mykje bra arbeid som blir lagt til grunn av Viggo gutta idag. Vi får håpe at vi i neste kamp er fleire folk og litt heldigare med diverse avgjersler.

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com