Start Årets Sesong Sesong Arkiv Nyheter Klubbhistorie Viggohytten Linkar

ß

Viggo - Austevoll  5-1 (2-1)

à

                   
    Morten          
               
              0-1 15 min  
    Knut M   Jon     1-1 30 min Børge
  Harald     Heidar(70) Helge   2-1 40 min Marcin
              3-1 70 min Børge
              4-1 80 min Knut Løne
    Ove   Knut Løne     5-1 85 min Knut Løne
  Bobbo       Bjarte        
  Rune(20)                
                   
    Børge   Marcin          
        Jørn(10)          
                   
                   
 

Regnfull dag i Bergen når Viggo tok i mot Austevoll til botnoppgjer i 5.divisjon. Før kampen låg laga på 11. og 12. plass på tabellen, og begge trengte poeng i denne denne kampen.
Kampen starta med klart initiativ til Viggo. Vi styrer kampen og kjempar Austevoll langt bak på bana. Vi skapar og nokon halvsjansar utan å få uttelling. Så skjer det som ikkje skal skje. Austevoll sler ein lang ball inn i bakrommet til ein spelar som spring fra forsvaret og setter ballen sikkert bak Morten. Dermed scorar Austevoll på sin første og einast sjanse i første omgang.
Viggo forsetter å jobbe og får etter omlag ein halvtime uttelling for presset. Litt mølje inne foran Austevoll sitt mål før Børge knallar ballen i nettet. Etter utligninga forsetter vi presset og 5 minutter før pause krigar Bobbo ballen fra ein Austevoll spelar på midten og får slått ballen til Marcin, som elegant drillar vekk forsvar og keeper og plasserer ballen sikkert i mål bak keeper.
Dermed 2-1 til Viggo til pause.
Andre omgang startar som først, med klart overtak til Viggo. Vi kjem derimot ikkje til dei store sjansane og Austevoll kjempar godt for å komme seg inn i kampen igjen. Etter omlag 70 minutter får vi endelig uttelling når Børge setter sitt andre for dagen etter flott forarbeid på venstre sida. Etter dette får Austevoll eit mål annulert for offside, før Knut Løne startar showet sitt. Første styrer han sikkert inn eit innlegg fra venstrekanten til 4-1 før han rundar av ein flott kamp med å plassere ballen i krysset bak keeper fra omlag 30 meter til 5-1 til Viggo.
Vi tar dermed sesongens andre seier, og har med det tatt 7 av 9 mulige poeng på heimebane. Samtidig gjer vi eit hopp oppover tabellen, iallefall til resten av kampane blir spelte på laurdag.

Copyright 2015 www.skviggo.com - webansvarlig: ove@skviggo.com