Kampreferat:
Ny kamp og ein sjanse til å slå tilbake etter ein svak kamp i
serieopninga. Vi får dessverre ein kjedeleg start på kampen då
Eivind i målet pådrar seg verdshistorias kraftigaste
allergireaksjon og mistar synet. Konsekvensen er at Nordhordland
får nokre enkle mål. Thomas tar ein for laget og erstattar
Eivind i målet. Vi sliter også i dei andre lagdelane og spesielt
organiseringa og opptellinga defensivt sviktar. Når vi samtidig
ikkje evnar å få til vårt eige spel, blir det vanskeleg. Vi går
til pause på 0-4.
Sjølv om førsteomgangen var dårleg, har vi trua på at vi kan
skjerpe oss og snu kampen. Det var bedring frå start i
andreomgang og vi får redusert til 1-4 etter eit fint skudd av
Daniel. Nordhordland svarar og vi får eit i mot ikkje lenge
etterpå.
Vi får redusert igjen etter fint spel og avslutning av Adrian.
Kristoffer setter endå eit og vi har los på kampen på stilling
3-6. Nordhordland får det neste målet, men vi gir ikkje opp og
skorar dei to neste.
Det første, og dagens
prestasjon, kjem frå Adrian då han feilvendt tar eit oppspel ned
på kassa og kliner den i lengste på volley. Deretter reduserar
Daniel til 5-7 på frispark og vi er på gang. Dessverre får vi
ikkje satt inn ein skikkeleg sluttspurt og i stedet er det
Nordhordland som får satt fire mål mot slutten. Kampen ender
5-11 etter nok ein svak kamp frå oss.
|